
Arne Strand gjer deg ein oppdatering på situasjonen i Afghanistan no. Foto: Nordnesrepublikken
Arne Strand er seniorforskar på CMI og ein av Noregs fremste ekspertar på Afghanistan, og bur på Nordnes.
President Trump sin plan var å trekkje USA sine militære styrkar ut av Afghanistan innan 1. mai 2021. No er det usikkert om President Biden opprettheld avtalen USA inngjekk med Taliban. Samtidig er der forhandlingar undervegs i Doha mellom Taliban og den Afghanske regjeringa, og USA pressar på for ei overgangsregjering. Men tida er kort og meiningane mange. Slår det feil kan konflikten forsterkast.
President Trump lova utrekking av alle militære styrkar frå Afghanistan innan 2021, og fekk forhandla fram ein tilbaketrekkings avtale med Taliban i slutten av februar 2020. Dei militære styrkane skulle ut innan 1. mai 2021 mot at Taliban skulle slutte med angrep på internasjonale styrkar og hindre terrororganisasjonar som Al Qaida og den Islamske staten tilhald i Afghanistan. Den afghanske regjeringa var ikkje del av avtalen, men dei skulle lauslate 5000 Taliban-fangar og gå i forhandlingar med Taliban om ein endeleg fredsavtale.
President Ashraf Ghani var lite nøgd med at USA heldt den Afghanske regjeringa utafor forhandlingane. Han måtte pressast til å lauslate fangar og oppnevne ein forhandlingsdelegasjon for å møte Taliban i Qatar sin hovudstad Doha. Delegasjonane har møttest, men berre kome i gang med innleiande forhandlingar om kva det skal forhandlast om.
Ei årsak til at dette gjekk tregt var at den Afghanske regjeringa håpa at ein ny amerikansk president ville endre politikk og oppretthalde militær og økonomisk støtte. Det ser ikkje ut til å skje, vurderinga som President Biden gjer er om dei skal oppretthalde uttrekking innan 1. mai eller forhandle med Taliban om ei forlenging av avtalen. Det er Taliban skeptisk til, dei har trua med å starte oppatt angrepa på internasjonale styrkar. Det gjeld då også NATO og norske styrkar, og NATO ventar med å fatte vedtak om kva dei skal gjere framover.
Samtiding er der full krig mellom Taliban og Afghanske styrkar over store deler av landet, og den Islamske Staten har gjennomført ei rekke terrorhandlingar. Det har vore målretta drap av journalistar og representantar frå sivilsamfunns som ingen tek ansvar for. Mange fryktar at ei internasjonal militær uttrekking vil medføre kollaps i den afghanske regjeringa og hæren og ei Taliban overtaking. Menneskeretts- og kvinneorganisasjonar fryktar at rettane dei har sikra over dei siste 20 åra vert ofra i forhandlingane.
USA prøver framleis å få på plass ein avtale innan 1. mai. Det nye er forslag om ei «fredsregjering» som kan fungere i ein overgangsperiode til ein endeleg fredsavtale er på plass. President Ghani er imot, han vil ikkje gje opp makt til noko anna enn ein vald president. Andre medlemmer av regjeringa hans er for og også dei som vart ekskludert frå forhandlinga i Qatar. Russland meldte seg og inviterte i mars dei afghanske fraksjonane, enkelte land i regionen, og USA og Kina til møte i Moskva. Resultatet er uklart, utover at nokon har snakka saman. Samstundes har FN oppnemnd ein spesialutsending til Afghanistan og Tyrkia har invitert partane til aprilmøte i Istanbul, med håp om at ei overgangsregjering kan kome på pass. Skjer det, kan det opna for eit forlenga NATO-opphald eller ein form for internasjonal eller regional fredsstyrke.
Mykje er på spel, partane er mange og dei har sprikande interesser. Håpet er at der er nok vilje til å avslutte ein 40 år lang konflikt, og at ein ny generasjon kan avløyse krigsherrane sin dominans ved forhandlingsborda.
Arne Strand