Har du fått med deg begrepet «taksonomien» i politisk debatt i det siste? Hvis ikkje, så kan du like godt sette deg inn i kva dette er, først som sist.
[Debatt] Måtte slå opp definisjonen: læra om og bruken av systematikk innanfor ulike områder – til dømes biologi ( alt levende er klassifisert inn i grupper og familier osv ).
Her er lenke til ein veldig informativ artikkel på nettstaden «Energi og klima».
Svært kort oppsummert, så vedtok EU i fjor ein lovtekst for bærekraftig finansiering som vil gjelde frå 1.jan 2022: ei lov om klassifisering av alle slags aktiviteter for å dele dei opp i grønt, brunt og nøytralt. Poenget er at det skal vere tydelig om det ein investerer kapital i, er bærekraftig eller ei – dette er eit konkret resultat av at EU har eit mål om å følge Paris-avtalen og bli utslippsfritt i 2050.
Uavhengig av kva ein måtte meine om EU/EØS ( eg er td imot begge deler), så er dette eit nybrottsarbeid på området klimatiltak, resultatet av mange års jobbing i EU-byråkratiet, og det første konkrete, systematiske forsøket på å vri all kapital og heile samfunn i retning bærekraft, i henhold til Paris-avtalen.
For oss i oljelandet Norge som handler mest med EU, vil dette bli ekstremt viktig. Etter alle solemerker blir taksonomien teke inn i EØS-avtalen og på den måten også gjeldende norsk lov – men det er nesten underordna i dette tilfellet såvidt eg kan forstå, for dette vil treffe oss uansett som oljeland.
Eksempelvis vil elektrifisering av norsk sokkel stå for fall, på samme måte som frakting av olje/gass med ein tankbåt som i seg sjølv er utslippsfri- vil bli klassifisert som «brun aktivitet». Altså vil taksonomien gripe direkte inn i den viktigaste aktiviteten for norsk økonomi, nemlig oljebransjen. Såkalt «grønnvasking» av aktiviteter og selskap skal bli vanskeligere, det er målet.
For ein gangs skyld eit EU-direktiv som er skikkelig bra? Det er jo ikkje tvil om at vi må snu heile den økonomiske skuta for å redde klimaet ( og dermed oss sjølv og kommande generasjoner). Men EU er ikkje ein naturvernorganisasjon, derimot ein union for å fremme fri flyt av arbeid, kapital, varer og tenester innanfor sitt område – med alt dette inneber. Derfor er det grunn til å møte også denne EU-reforma med sunn skepsis.
Ref Piet Hein sitt «gruk» om lov og rett:
Lov og ret er et net
Med så sære masker i
At de små sitter fast
Mens de store slipper fri
Hanne Indrehus
Medlem i Bergen Rødt