Nordnesrepublikken

Byens beste nettavis for oss på Nordnes

  • Hjem
  • Nyheter
  • Næringsliv
  • Historie
  • Debatt

Atomvåpen er nå forbudt

30. januar 2021 av Leserne har ordet

Del denne artikkelen
Facebooktwitterlinkedintumblrmail

Nordnesbuarar sentrale i Bergens markering av atomvåpenforbudet.

Var det nokon som la merke til klokkespel frå Johanneskirketårnet og tuting frå Hurtigrutene, fredag ettermiddag 22.01.2021? Då hadde vi fått med oss mellom andre ei japansk klokkespelar, tre Hurtigrutekapteinar og ein til Nordnesbuar, Rune Bakervik. Han er varaordfører (AP), og heldt ein strålende appell der han på tvers av partigrensar trekte fram andre som hadde arbeidd for at Bergen skulle stilla seg bak ‘ICANs Cities Appeal’. Det er eit globalt opprop der byar og lokalsamfunn viser si støtte til FNs forbud mot atomvåpen. Byar er hovedmål for bruk av atomvåpen, og lokale myndigheter har derfor eit spesielt ansvar for å markera motstand mot atomvåpens rolle i militærstrategi og sikkerhetspolitikk.

Heile 122, det vil seia eit stort fleirtall av verdens 193 statar har undertegna forbudet, og 50 har ratifisert. Dette vart bekrefta på FN sin 75-årsdag den 24 oktober 2020, 75 år etter atombombene fall over Hiroshima og Nagasaki.

I dag terroriserer 9 land resten av verden med atomvåpen, den største trusselen for livet på jorda. Det er på høg tid at også Norge støttar forbudet – dette må bli eit brennaktuelt tema før Stortingsvalet hausten 21. Å basera seg på at vi skal bli forsvart med atomvåpen er absurd!

Sondof Rabbe, 5005 Nordnes

rådsmedlem i Hardangerakademiet
Nordisk senter for fred, utvikling og miljø

Her er de siste sakene

  • .
  • Siste punktum: Eva gir seg med nordnesrepublikken.no
  • Kjære venn av Nordnesrepublikken
  • La Nordnesparken vokse
  • Hullet er funnet!

Følg Nordnesrepublikken

Facebooktwitteryoutubeinstagram
Del denne artikkelen
Facebooktwitterlinkedintumblrmail

Filed Under: Nyheter

Søk

Følg Nordnesrepublikken

Facebooktwitteryoutubeinstagram

Kontakt

Ansvarlig redaktør: Eva Johansen

Nordnesrepublikken følger god presseskikk og Vær varsom-plakaten.
Personvernerklæring

Sosiale medier

Facebook

Twitter

Instagram

Kategorier

Copyright © 2023 · Metro Pro Theme på Genesis Framework · WordPress · Log in