Nordnesrepublikken

Byens beste nettavis for oss på Nordnes

  • Hjem
  • Nyheter
  • Næringsliv
  • Historie
  • Debatt

Høg intensitet, godt humør og solid dugnadsinnsats

12. januar 2020 av Leserne har ordet

Del denne artikkelen
Facebooktwitterlinkedintumblrmail

Alle foto: Nordnes il.

Sundag 12. januar blei Nordnesdagen 2020 avvikla.

Innlegg av Nordnes idrettslag.

Dagen starta kl 12 med registrering av spelarar. Alle barna i bydelen var invitert, og vi enda med over 80 deltakarar! Deretter gjekk det slag i slag med parallelle kampar på 1/3 bane (ein omgang fotball og ein omgang handball) frå kl 13-15. Som alltid var laga sett saman på tvers av kjønn og alder. Etter barnekampane var det klart for oppgjer mellom «ungdomslaget» og «vaksenlaget». Det enda med siger til den eldre garde – som såg vesenleg meir slitne ut ved kampslutt enn ungdommane.

Full rulle var det også i kafeen, der ein mellom anna kunne kjøpe pizzasnurrar og sveler til ein billig penge, og i møterommet var det rigga til «kino» med barnefilmar. Etter dagens siste kamp blei det servert gratis pizza og saft.

Bruktbutikken har blitt eit fast innslag på Nordnesdagen, og det var fleire heldige kjøparar som sikre seg flotte fotballsko og anna utstyr. Alt utstyret som ikkje blei seld, blir tatt vare på fram til bruktbutikken under NIL-cup i september.

Nordnesdagen er eit miljøbyggande og uhøgtidleg arrangement, som følgjer ein temmeleg fast formel. Men også slike arrangement krev ein solid innsats. I år låg ansvaret hos 2011-kullet, og dei gjorde ein kjempejobb. Nordnes IL takkar komiteen, trenarar og foreldre på dugnad, spelarar og dommarar på banen – og alle andre bidragsytarar.

Nå er vi klar for eit nytt, godt idrettsår!

Nordnes idrettslags nettside finner du her.

Her er de siste sakene

  • .
  • Siste punktum: Eva gir seg med nordnesrepublikken.no
  • Kjære venn av Nordnesrepublikken
  • La Nordnesparken vokse
  • Hullet er funnet!

Følg Nordnesrepublikken

Facebooktwitteryoutubeinstagram
Del denne artikkelen
Facebooktwitterlinkedintumblrmail

Filed Under: Folk, Nyheter

Søk

Følg Nordnesrepublikken

Facebooktwitteryoutubeinstagram

Kontakt

Ansvarlig redaktør: Eva Johansen

Nordnesrepublikken følger god presseskikk og Vær varsom-plakaten.
Personvernerklæring

Sosiale medier

Facebook

Twitter

Instagram

Kategorier

Copyright © 2023 · Metro Pro Theme på Genesis Framework · WordPress · Log in