Gjeld frå 2. desember.
Anleggsarbeidet på Nordnes flyttar seg til øvre del av Nordnesbakken i neste fase, og etter kvart nedover Haugeveien mot Klosteret. Linje 11 må legga om traseen på Nordnes og køyra C. Sundts gate og Strandgaten til og frå Tollbodallmenningen frå og med måndag 2. desember.
Ny trasé for linje 11 til og frå Nordnes
- Linje 11 til Nordnes: Strandkaiterminalen–Tollboden i C. Sundts gt.
- Linje 11 til Starefossen: Tollbodallmeningen (i Strandgaten)–Hollbergsallmenningen–Strandgaten
Nye haldeplassar
Haldeplassane i Haugeveien blir ikkje betent av linje 11 frå og med 2. desember. Alternative haldeplassar er Tollbodallmenningen eller Hollbergsallmenningen. Merk at bussen vil stoppe litt inn i Strandgaten i stedet for på selve stoppet ved Tollbodallmenningen. Avstigning blir ved Bunnpris.
NB! Servicelinje 103 vil framleis betene Haugeveien. Traseen for servicelinja vert: Strandkaiterminalen–C. Sundts gate–Tollbodallmenningen–Margaretastredet–Haugeveien–Klosteret.
Same avgangstid frå Nordnes og Starefossen
Avgangstidene frå starthaldeplass på Nordnes og frå Starefossen vil vere dei same som dei har vore tidlegare.