
Bladpersille fra hagen. Foto: Hanne Indrehus
Hanne Indrehus peiker på kva som kan vere løysinga på ein av klimaverstingane.
DEBATT: Jepp, der kom rapporten frå FN: verda må legge om matproduksjonen. Det ligg store utfordringar fram for oss, utan tvil. Det går faktisk ikkje an å stoppe temperatur-aukinga berre med å stoppe all forbrenning av olje&gass -det går ikkje. Verda må også legge om til mindre kjøttproduksjon og meir vegetarmat, for å få ned utsleppa av CO2 tilstrekkelig til å bremse klimaendringane seier FN , og viser til ein internasjonal konferanse som er planlagt i slutten av 2020.
Dette er jo rimelig dramatisk. Menneskeheten må bokstavelig talt ta skeia i ei anna hand, om vi skal kunne oppretthalde liv og framtid. Utgangspunktet for desse konklusjonane er at jordbruk er ein klimaversting – og det stemmer utvilsomt for det industrielle jordbruket.
Men den gode nyheten er at slik treng det ikkje å vere! Jordbruket kan også vere ein netto oppsamler av CO2. Det enklaste og viktigaste og beste tiltaket som ligg der rett framom nesa på oss, har vi nesten gløymt: alle grønne vekster sug opp CO2. Fotosyntesen i grønne vekster fiksar dette heilt sjølv! Nøkkelen for at denne prosessen med binding av karbon skal bli maksimalt effektiv, er at mikrolivet nede i jorda får næring. Dette virker like godt i Norge som andre stader – det er rett og slett ein misforståelse at regnskogen i Amazonas er betre enn andre vekster til å binde CO2. La naturen jobbe på naturen sine premisser, om vi legg om til såkalt «regenerativt jordbruk» blir landbruket ein netto oppsamler av CO2!
Til og med beitedyr/storfe kan sannsynlegvis bidra med netto CO2 opptak pr mål jord, om dei får beite slik dyr gjer ute i naturen. Men i industrielt landbruk får dei ikkje det.
Folk trur jo nesten at dette er tull – men det er heilt sant! Det er potensiale til å suge opp heile overskotet av CO2 i atmosfæren om all jord som pr i dag blir dreve industrielt med store mengder sprøytemidler og kunstgjødsel vart lagt om til regenerativt jordbruk (og her er mange omgrep i bruk på det samme: gravefritt jordbruk, no-till farming, naturnært jordbruk, jordbok-metoden osv). Kva dette eigentleg er, prøvde eg å beskrive i Amerikabrevene mine her i Nordnesrep tidlegare i år.
Det går an, det virker like godt her i Norge (i den lyse årstida) og det beste av alt er at biproduktet er mat! Fekk du med deg denne artikkelen på NRK.no? Hvis ikkje, kan du lese den her.
Sofia Maria er første kvinne ut i Norge til å profesjonelt ta i bruk regenerative metoder. Kjenneteikna av små areal, ingen bruk av landbruksmaskiner, at ein dyrker mykje forskjellig og ekstremt høg inntjening pr arealeining.
Håpet er fortsatt grønt folkens, ikkje berre lysegrønt- men grønt i alle nyanser !
Hanne Indrehus