I helga var fotballgruppa i Nordnes IL sterkt representert under årets Øystese-cup!
24.-26. mai 2019 blei første cup-helg i Øystese gjennomført i naturskjønne omgivnader. Fotballgruppa i Nordnes IL har i fleire år hatt dette som fast reise-cup og i helga stilte vi med i alt 12 lag fordelt på klassane G12, J12, G11, G10, J10, G8, J8, G7 og J7. Totalt deltok omlag 80 Nordnes-spelarar, og dei hadde med seg ein stor gjeng med trenarar, foreldre og søsken.
Øystese-cup blei i år arrangert for sjuande gong, og for første gong som ein Eat Move Sleep-cup. Cupen går over to helger, med 135 lag påmeldt første helga og 83 lag påmeldt andre helga (31.05-02.06). Kommande helg held altså fotballfesten fram, og då er det G9 som skal representere Nordnes. Vi ønskjer dei lykke til med kampane og ei flott cup-helg.
Høg intensitet på banen, leik og latter utanfor banen og overnatting i klasserom skaper slitne kroppar i bilen heimover, men først og fremst mange gode minner. Vi gler oss til eit nytt fotballeventyr i Øystese i 2020!
Innlegget er fra Nordnes il sin nettside, og her kan du se flere bilder!
Les også: Vinnere av Fjord Cup Beach 2019!