Nordnesrepublikken

Byens beste nettavis for oss på Nordnes

  • Hjem
  • Nyheter
  • Næringsliv
  • Historie
  • Debatt

Vi har klart å rote til det eldgamle kretsløpet

1. mai 2019 av Leserne har ordet

Del denne artikkelen
Facebooktwitterlinkedintumblrmail

Skulptur utanfor asiatisk butikk i SAN Franscisco.

Siste Amerikabrev – til ettertanke.

Tekst og foto: Hanne Indrehus

14 dager ferie går fort, no er vi alt på flyplassen for retur til Norge. Tid for å avslutte med det aller viktigaste forholdet som kan knytast til det såkalte «no-till» jordbruket: dette er ein viktig nøkkel for å løyse klimaproblemet!
«Den grønne revolusjonen» som kom med kunstgjødsel og plantevernmiddel  frå cirka 1950 og framover har sørga for at mange menneske har fått mat – men samtidig har vi populært sagt skrudd av «kjøkkenventilatoren» som kan ta opp CO2 frå lufta.
Nede i molda skal det frå naturen si side vere eit yrande liv, svære økosystem med rovdyr og byttedyr som vi veit svært lite om. Vi har ikkje eingong oversikt over kor mange slags forskjellige artar som er der! I ei teskjei jord frå ein gammal skog vil det vere ca 45 kilometer med sopphyfer- men korleis dette «wood wide web» egentlig fungerer har ein svært begrensa kunnskap om. Forsking på jord har stort sett kun gått på kjemi og nesten ingenting på biologi og samspel mellom ulike arter nedi jorda. Derfor har vi i stor skala klart å rote til det eldgamle kretsløpet som binder CO2 via fotosyntesen til plantene:

  • Når planter får servert i lettopptakelig kunstgjødsel-form det dei treng for å vekse, blir mikrolivet under bakken «arbeidsledig» og døyr vekk.
  • Når ein sprøyter med plantevernmiddel, tek det knekken på livet under bakken også, utan at nokon har brydd seg om det.
  • Når ein pløyer, grev og hakker i jorda, blir strukturer av sopp og anna mikroliv, samt større dyr som meitemark etc øydelagt og døyr.
  • Når ein bruker tunge landbruksmaskiner blir jorda kompakt og hard med samme resultat som forrige punkt.
    Alt dette  skjer i stor skala i industrielt landbruk.
    Resultatet er at jordsmonnet eroderer bort med vær og vind, det må store mengder kjemikalier til for at nokonting skal vekse der og sist men ikkje minst vil karbonlageret nedi bakken lekke opp og ut i atmosfæren.
«Mennesket veit lite» var det ein som skreiv med runeskrift på ein pinne for ca 1000 år sidan, pinnen dukka opp i Oseberg-skipet. Det er jammen sant i dag og, sjølv om vi totalt sett veit meir!
 «Månelandinga» som verden treng – like sårt som vi treng ein ny energibærer i stadenfor olje og gass, den er jo gratis og rett framfor nesa vår (« Månelanding» ref Jens Stoltenberg om CO2-fangst prosjektet på Mongstad)! Det aller beste klimatiltaket er å få gang igjen det naturlege energi-kretsløpet i industrilandbruket. Potensialet er enormt!

Skal du lese berre ei bok i år, så håper eg det blir «Jordboka 2» av Dag Jørund Lønning. Boka er eit einste stort håp for kva vi faktisk kan få til med plantevekster for å løyse klimaproblemet (og dessutan har han oppskrifta på det ultimate rosebedet). Det hastar! På denne reisa har vi snakka med mange forskjellige folk, til dømes ein bokhandler i ein spesial-bokhandel for miljøvern og økologi i San Francisco. Han hadde rett og slett gitt opp, for som han sa: «no har vi ca 10-12 år å legge om på, før det er for seint å snu. Det er vanskeleg å sjå at vi kan greie å gjere det som skal til».
Konsekvensen  blir at vi orker ikkje høyre om klimaspørsmål, vi ser vekk frå alle ubehagelige fakta og unngår diskusjonen om løysingar. Det blir for vanskelig, det vesle meg kan utrette blir for smått. Problemet er så veldig stort!

Men heldigvis har vi ein heil ungdomsgenerasjon som slett ikkje har tenkt å sitte stille å sjå på at verda går under! Det er det aller beste som skjer for tida.

No blei det visst ingenting om Amerika i dette Amerikabrevet her så langt. Får bøte på det med å legge ved litt bilder frå turen vår.
Til slutt: eg som har jobba i olje og gass-bransjen i over 20 år, og no tillet meg å reise til andre sida av jorda med fly berre for gøy og for å lære – er eg sjølve «Dronninga av dobbeltmoralen» eg då, som skriv dette? ? ? Veit du kva, det kan godt hende – men uansett så trengs det at informasjon om jord som klimaregulator  kjem ut og fram!

Lese meir? Utover «Jordboka 2», har Dag Jørund Lønning også bloggen «komposten.no». Søk på nett etter «no-till farming» eller «grave-fritt jordbruk». Og etter Singing Frogs farm, sjølvsagt!
Eller Søk på YouTube, etter td. «Homeacres»og/eller Charles Dowding. Det finnast også podcaster om temaet:
«The No-till market garden podcast» intervjuer mange dyktige folk!

Les dei tidlegare reisebreva: 

Amerikabrev nr 1 – Der froskane syng

Amerikabrev nr 2 – Hovedprinsippa for denne typen landbruk

Amerikabrev nr 3 – Bananaslush og dei største trea i verda

Amerikabrev nr 4 – San Francisco har mykje rart å by på!

Sjå alle bileta:

Supervakre Yosemite nasjonalpark – stappfull av fossar, berg og indianerhistorie. Liknar litt på Vestlandet!

Solnedgangen bak Golden Gate Bridge, utsikt frå ein hotellbar i 19.etg.

Hvis du lurer på kvifor eg har teke med bildet av ein trestubbe, så er det altså ikkje det! Det er ein stein, frå «The Petrified forest» nær Calistoga.

Supervakre Yosemite nasjonalpark – The Mirror Lake.

San Francisco er kjend for sine usedvanlig bratte bakker, udødeleggjort i diverse filmer.

Geysiren på bildet heiter «The Old Faithful», og er faktisk blandt USA sine mest besøkte turistattraksjoner! Akkurat då vi var der, var det lite futt i geysiren, som du ser.

Golden Gate Bridge, som er rustraud og slett ikkje av gull! Du må betale bompenger der også. Brua har namn etter sundet som heiter «Golden Gate» – som i sin tur igjen er oppkalt etter «Det gyldne horn» i Istanbul!.

Dette er frå den kjende homse-bydelen Castro i San Francisco. Der er det regnbue-flagg til og med i fotgjenger-feltene.

I Norge er det mildt pga Golfstrømmen som går nordover. I California er det kjølig pga California-strømmen som går sørover. Dermed er surfe-folket godt innpakka – som her i Carmel-by-the-sea.

Her snakker vi skikkelig «Skogens kongle»! Everything is so big over there, you know!

Supervakre Yosemite nasjonalpark – her er Upper Falls, øvre delen av ein foss i to etasjer (tilsaman ca 800-900 meter fall).

Amerikanske kjøretøy er eit kapittel for seg: slik ser lastebiler stort sett ut i USA (akkurat som i Donald Duck ?)!

Ein veldig, veldig rar bil.

Ein veldig, veldig lang bil.

Ein kjempestor og flott brannbil med veldig PR- kåte mannskap som vinkar entusiastisk så snart dei ser at dei blir fotografert.

I den pittelille byen Mendocino nord for SF, ligg dette superkoselige hotellet der golvet er så skjeivt at ein blir litt sjøsjuk av å gå på det.

Dette er ei «Tennessee Fainting Goat», som kan bli så redd at den besvimer!

«The Stinking Rose», garlic-restaurant i San Francisco. Til og med desserten kan du få med kvitløk!!

Kaffen i USA blir alltid servert i store krus, smaker som vi lagar kaffi i Norge og kostar ingenting for påfyll.

Amerikanere som feirer påske på stranda i Carmel-by-the-sea.

California-valmuer er overalt, i kvar einaste grøftekant.

Her er de siste sakene

  • .
  • Siste punktum: Eva gir seg med nordnesrepublikken.no
  • Kjære venn av Nordnesrepublikken
  • La Nordnesparken vokse
  • Hullet er funnet!

Følg Nordnesrepublikken

Facebooktwitteryoutubeinstagram
Del denne artikkelen
Facebooktwitterlinkedintumblrmail

Filed Under: Debatt, Nyheter

Søk

Følg Nordnesrepublikken

Facebooktwitteryoutubeinstagram

Kontakt

Ansvarlig redaktør: Eva Johansen

Nordnesrepublikken følger god presseskikk og Vær varsom-plakaten.
Personvernerklæring

Sosiale medier

Facebook

Twitter

Instagram

Kategorier

Copyright © 2023 · Metro Pro Theme på Genesis Framework · WordPress · Log in