
Koste- og spylegjengen: Frå venstre Marie-Christine Merametdjian, Karen Budal, Maria Udd og Bente Karlsen. Foto: Privat
Dugnad på Klosterplassen tirsdag kveld.
Det vart ei veldig koselig økt med kosting, spyling og planting på plassen. Forbauselsen var stor då vi kom klokka 19:00, for nokon hadde alt sett ned dei nydeligste blomster i alle fire kassene?! Vi har ein liten mistanke om kven det er – men i så fall vil vedkommande vere anonym giver. Så vi får takke på det varmaste gjennom Nordnesrepublikken!
Dermed blei det sett ned planter i Planatation-Stationen også, der påskeliljer no har fått avløysing av sommerblomster. Nye naboer blir kjende med kvarandre i kveldssola.
Helsing dugnadsgjengen

Monica Hannestad i gang med plantinga. Foto: Privat.

Heidi Fortun, Bente Bjørnås og Hanne Indrehus takker for vakre blomster i kassene. Foto: Privat