Nordnesrepublikken

Byens beste nettavis for oss på Nordnes

  • Hjem
  • Nyheter
  • Næringsliv
  • Historie
  • Debatt

San Francisco har mykje rart å by på!

21. april 2019 av Leserne har ordet

Del denne artikkelen
Facebooktwitterlinkedintumblrmail

Gideon og Juda syns det er «supercool» hvis bildet av dei kjem  i ei norsk avis. Foto: Privat

Amerikabrev fra San Francisco.

No er vi i San Francisco for siste delen av ferien vår. Vi har spasert ned til The Ferry Building, kjøpt med oss deilig lunsj og set oss i sola utanfor og ser på livet. Her er det mykje liv å sjå på, sykkeldrosjer, gassbussar, trolleybussar og heil-elektriske bussar – og alle slags folk går forbi. Blant anna ein mann som har rastafletter heilt ned til anklane – «Påfugl!» kommenterer Nic.

Gideon, Juda og ein annan kamerat driv og trener med skateboard i ei trapp rett ved oss. Kjekke ungdommar, som syns det er «supercool» hvis bildet av dei kjem  i ei norsk avis!

Dersom desse to og andre i deira generasjon skal greie seg i ei verd som blir stadig varmare, er det nokre viktige fakta som kan hjelpe dei til å klare det:

No-till farming som dei driv med på Singing Frogs Farm, bruker radikalt mindre vatn enn konvensjonelt industri-jordbruk! På Singing Frogs Farm gjekk dei frå å vatne 1 time kvar kveld, til ca 20 min annakvar kveld då dei hadde fått etablert no-till driftsregimet sitt. Og dette er viktig i California, som er så tørt!

Trolleybuss i San Francisco. Foto: Privat

Langs vegane, særleg sør for  San Francisco, dukkar det opp vegskilt med: «California tørkar- spar vatn!» Dessverre gjeld ikkje dette berre i tradisjonelt solfylte California, men over store delar av verda: Det blir skremmande tørt og skogbranner herjar voldsomt, nedbøren kjem i tilsvarande  konsentrerte og voldsomme mengder.

Då er det godt å vite at det går an å drive nokså robust matproduksjon under slike betingelser også – når mikrolivet i jorda er i full gang, tåler plantane veldig godt tørke. Fotosyntesen går så det susar med mykje lys frå sola, porøs og levande mold har samme evne som ein god svamp til å halde på store mengder vatn. Jorda får heller ikkje ligge bar og eksponert for uttørking. På samme måten vil jorda kunne svelge unna svært store mengder vatn ved ekstremnedbør.

Som om ikkje dette skulle vere nok med gode nyheter, har eg ein til på lager:

Då Paul og Elisabeth Kaiser starta opp med sin alternative grønnsaksproduksjon basert på no-till, med mykje bruk av kompost, dukka etterkvart dei lokale jordbruksmyndighetene opp og mistenkte forureining av vatn  pga all komposten. Avrenning frå jordbruk med overgjødsling av vatn er eit kjent problem i landbruket, og det hjalp ikkje det spor at Paul og Elisabeth argumenterte med at alt såg normalt ut, og at det ikkje var teikn til  alge-oppblomstring  i bekkar og vatn. Likevel måtte dei sette igang eit omfattande analyseprogram på garden sin, som påviste følgande:

Den mikroliv-baserte driftsforma på Singing Frogs Farm rett og slett rensa avløpsvatnet frå naboen!

Singing Frogs Farm ligg nemleg nedst i ein skålforma dal. Naboen i bakken over dei driv konvensjonelt landbruk, derifrå kjem det vatn med noko for høge verdiar av næringssalt rennende nedover. Men i dei to store dammane heilt nederst i dalen under driftsarealet  til Singing Frogs Farm, der var vatnet gullande reint.

Desse to elementa, at ein kan klare matproduksjon med ca 1/8 av vatnmengda som normalt trengs, og at ein kan rense vatn med matproduksjonen, er så gode nyheter at det verkeleg er grunn til optimisme!

Opp ned speil på Exploratorium. Foto: Privat

Variant av Medusa lagd av deler frå plastdukker, kunstverk vist på Exploratorium. Foto: Privat

Resten av dagen i dag tilbrakte vi på Exploratorium, eit slags vitensenter stappfullt av lukkelege barn i alle aldrar, inkludert oss to. San Francisco har mykje rart å by på!

Hanne Indrehus

 

Les dei tidlegare reisebreva: 

Amerikabrev nr 1 – Der froskane syng

Amerikabrev nr 2 – Hovedprinsippa for denne typen landbruk

Amerikabrev nr 3 – Bananaslush og dei største trea i verda

Her er de siste sakene

  • .
  • Siste punktum: Eva gir seg med nordnesrepublikken.no
  • Kjære venn av Nordnesrepublikken
  • La Nordnesparken vokse
  • Hullet er funnet!

Følg Nordnesrepublikken

Facebooktwitteryoutubeinstagram
Del denne artikkelen
Facebooktwitterlinkedintumblrmail

Filed Under: Debatt, Nyheter

Søk

Følg Nordnesrepublikken

Facebooktwitteryoutubeinstagram

Kontakt

Ansvarlig redaktør: Eva Johansen

Nordnesrepublikken følger god presseskikk og Vær varsom-plakaten.
Personvernerklæring

Sosiale medier

Facebook

Twitter

Instagram

Kategorier

Copyright © 2023 · Metro Pro Theme på Genesis Framework · WordPress · Log in