Nordnesrepublikken

Byens beste nettavis for oss på Nordnes

  • Hjem
  • Nyheter
  • Næringsliv
  • Historie
  • Debatt
  • Annonsering
  • Kontakt

Bananaslush og dei største trea i verda

18. april 2019 av Leserne har ordet 4 Comments

Del denne artikkelen
Facebooktwitterlinkedintumblrmail

Dette dyret heiter Bananaslush og du finn det i California. Foto: Hanne Indrehus

Hanne Indrehus er i California.

Amerikabrev nr 3

Wow – så flott California er! Etter 5 dager i nord-California må eg innrømme at eg er blitt litt forelska i dette landet, som er fantastisk vakkert. Akkurat no befinner vi oss sør for San Francisco, og det er så masse ting å dele at kor skal ein begynne?!

Så då starter eg likegodt med det aller største:

Vi bestemte oss for å reise så langt nord som til Avenue of the Giants. Dette er ein tilrettelagt bil-turveg  gjennom redwoodskogen i Humboldt County. Skogen er ein nasjonalpark, og inneheld omlag halvparten av den redwood-skogen som enno er att.  Medan det levde berre indianarar i Amerika, dekka redwood-skogene 16 ganger så store areal som denne parken.

Til å begynne med såg vi ikkje skogen for berre trær-  men etterkvart som vi kjøyrde blei trea større og vi måtte ut av bilen for å sjå. Og steike meg, dei er svære! Dette er dei største trea i verda og kan bli omlag 130 meter høge, dvs omtrent dobbelt høgde av Rådhuset i Bergen, reknar vi oss fram til. Vi går ein lang tur i denne skogen, det er smått magisk. Redwood-trea kan bli over 2000 år gamle! Tenk på det, desse samme trea stod her alt på den tida når vår tidsregning starta! Vi føler oss som bitte små maur både i tid og rom  der vi går.

Og det er ein god overgang til å fortelle meir om den typen  jordbruk som Singing Frogs farm driv med. Singing Frogs farm driv med såkalt «no-till farming». No-till (direkte oversett «ikkje pløying»)  er veldig lite mystisk: det store poenget er at ein gjødslar og legg tilrette for mikrolivet nedi jorda for at plantelivet oppå jorda skal ha det bra.

Nedi i jorda er det stappfullt av liv og organismer som har som oppgåve å bryte ned organisk materiale, dei byttar stoff som plantene treng for å vekse, med energi som plantene henter gjennom fotosyntese og deler tilbake med mikrolivet i jorda. Eit eldgammalt kretsløp. Når sjølve jorda har intakt alle mikroorganismene sine, kan td eit redwood-tre på 130 meter vekse seg opp og fram i tusenvis av år, og treng ikkje tilførast nokon ting utover det treet får frå mikrolivet i bytte mot karbon frå fotosyntesen.

ANNONSE

Så det dei gjer på Singing Frogs Farm for å legge til rette for mikrolivet, er mellom anna følgjande:

  • Bruker kompost og eit manuelt redskap som blir kalla «broadfork» til å få igang mikrolivet i jorda.
  • Planter ut småplanter frå sitt eige drivhus som er store nok til å etablere seg fort, for at ein skal prøve å unngå naken jord.
  • Ved hausting av grønnsakene, skjer dei av stilken rett under overflata og let  røttene stå. Nye planter blir sett ned umiddelbart.
  • Bruker f.eks salat og tomat-planter i samme planterad for å dekke jorda mest mogleg: når salaten er klar til hausting er tomatplantane  blitt så store at dei dekker jorda sjølv.
  • Bruker ingenting av maskineri i bedene, utover «broadforken» og trillebår mellom radene.Nye planter blir putta ned i hol ein lager med hendene, for så porøs og luftig blir denne molda at du ikkje treng bruke spade.
  • Bruker tildekking av planteradene som vern mot fuglar og insekt.
  • Bruker aktivt hekkplanting  rundtomkring for fleire formål: le for vind og vær, tumleplass for dei «gode» insekta , vert for litt andre levande mikroorganismer i jorda, gøymeplass for slanger som er viktige for at ikkje bestanden av jordrotter og mus skal bli for stor.
  • Opererer med ca 70 ulike slag av grønnsaker kontinuerlig, og som regel minst 3-4 ulike typer av samme grønnsak – dermed blir insekt og sjukdomsangrep aldri eit stort problem. Det er ikkje mange nok av samme plante på ein stad til at eit slikt angrep virkelig tek av.

(saka fortset etter bilete)

Dette er dei største trea i verda og kan bli omlag 130 meter høge. Foto: Privat

 

Så litt attende til redwoodskogen. Vi tok oss ein pause på turen då vi kom til ein solfylt lysning ned mot elva. Medan vi sat der i sola og kosa oss, begynte vi å snakke om dyreliv og det faktisk fins både klapperslanger, bjørn og puma i desse traktene. Så begynte vi å diskutere kva som eigentleg var best å gjere  om det plutselig dukka opp ein bjørn her? Nic meinte at å sitte heilt stille og berre forsiktig lure opp telefonen for å filme var det beste å gjere. Voldsomt på offensiven han! Eg hevda at å hoppe i elva hadde vore mest hensiktsmessig, sidan det ikkje er heilt enkelt å klatre opp i eit redwoodtre og det einaste andre treet som var å sjå akkurat der var ei amerikansk gift-eik ( voldsomme utslett om huden kjem i kontakt med blada). Alternativt å køyre knyttneven rett ned i halsen på bjørnen, for då skal  han gje seg – dette har eg lese om ein eller anna plass. Sånn satt vi og snakka om ville dyr, til vi hadde hatt pause lenge nok.

Og gjett kva som då skjedde: jammen santen gjekk vi oss rett på eit vilt dyr! Og dyret heiter «Bananaslush», er påskegult og er temmelig stort – større enn dei største brunsneglane faktisk!

Hanne Indrehus

Tidlegare reisebrev: 

Amerikabrev nr 1 – Der froskane syng

Amerikabrev nr 2 – Hovedprinsippa for denne typen landbruk

Salat og tomat-planter i samme planterad for å dekke jorda mest mogleg. Det svarte, lange greiene er plastslange for vatning. Foto: Singing frogs farm

Her er de siste sakene

  • Fiskedronningen har slått av komfyren for siste gang
  • Tøft for barer og restauranter
  • Sjøbadet – et rush av endorfiner
  • Livet er en dans på Nordnes
  • Ny utstilling åpner på Galleri VOX

Følg Nordnesrepublikken

Facebooktwitteryoutubeinstagram

Del denne artikkelen
Facebooktwitterlinkedintumblrmail

Filed Under: Debatt, Nyheter

Comments

  1. Dennispesse says

    24. januar 2021 på 18:02

    Годнота
    _________________
    Casino free blackjack

    Svar
  2. Dennispesse says

    22. januar 2021 på 15:44

    Круто, давно искал

    Svar
  3. LouisCet says

    21. januar 2021 på 17:06

    Огромное тебе СПАСИБО

    Svar
  4. Marianne says

    18. april 2019 på 10:06

    Artig og interessant å lese !

    Svar

Legg igjen en kommentar Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

ANNONSE


Oppdatert 9. januar 2021

Søk

Oppdatert 22. januar:
Gjeldende koronaregler finner du her

Mest lest siste måned

Julemarked på Munkebryggen
Noen er flyttet inn i Katten
– Er så sint og skuffet!
Bærekraft uten moralsk pekefinger
Her kommer det ungdomshus

Følg Nordnesrepublikken

Facebooktwitteryoutubeinstagram

Her er din faktura for abonnement 2020

ANNONSE

ANNONSE

FINN DIN HISTORIE

P1020858 De er borte nå, men hvem var de og hva drev de med? Nordnesrepublikken kan hjelpe deg med å lete etter dine slektninger.

Kontakt

Tips oss: tips@nordnesrepublikken.no
Telefon (etter klokken 1600 og hele onsdag) og SMS/MMS: 91391147

Ansvarlig redaktør: Eva S. Johansen
eva.johansen@nordnesrepublikken.no

Nordnesrepublikken følger god presseskikk og Vær varsom-plakaten.
Personvernerklæring

Følg oss

Facebook

Twitter

Instagram

Kategorier

Copyright © 2021 · Metro Pro Theme på Genesis Framework · WordPress · Log in