Nordnesrepublikken

Byens beste nettavis for oss på Nordnes

  • Hjem
  • Nyheter
  • Næringsliv
  • Historie
  • Debatt

Hovedprinsippa for denne typen landbruk

10. april 2019 av Leserne har ordet

Del denne artikkelen
Facebooktwitterlinkedintumblrmail

Her er fra Singing Frogs Farm. Foto: Hanne Indrehus

Vi følgjer Hanne Indrehus på tur til USA.

Amerikabrev nr 2

  • Amerikabrev nr 1 – Der froskane syng

Dette blir ein kort rapport. Ankom San Francisco kl.15:00 i går og motellet til første overnatting ca klokka 19:00 lokal tid. Men då var klokka  ca 05:00 norsk tid, dvs vi hadde vore vakne i nesten eit døgn sjølv om vi slumra litt på flyet. Så det var rett til køys her og sove så lenge vi kunne – også avgårde på kurs til Singing Frogs Farm heile dagen. Dette er såpass intenst og så mange inntrykk at i dag blir det kun presentasjon av hovedprinsippa for denne typen landbruk, så får det komme litt meir utfyllande rapporter etter kvart!

  1. Forstyrr jorda så lite som mogeleg, bruk ikkje plog etc!
  2. Ha grønne levande planter i jorda så ofte som praktisk mogeleg
  3. Dyrk så mange forskjellige planteslag som praktisk mogeleg
  4. Hald jorda tildekka så mykje som mogeleg, unngå bar mold!
  5. Inkluder dyreliv

Dette er  «fjellvettreglane» for intensivt, bærekraftig landbruk. Tilsynelatande enkle ting og ikkje så veldig radikale, men steike for ein forskjell dette utgjer!

Og greia er at dette også  ristar litt i grunnlaget for sivilisasjonen vår,  som er bygd på plogen som heilt grunnleggande redskap.

Forts følger!

Amerikabrev nr 1 – Der froskane syng

Her er fra Singing Frogs Farm. Foto: Hanne Indrehus

Her er de siste sakene

  • .
  • Siste punktum: Eva gir seg med nordnesrepublikken.no
  • Kjære venn av Nordnesrepublikken
  • La Nordnesparken vokse
  • Hullet er funnet!

Følg Nordnesrepublikken

Facebooktwitteryoutubeinstagram
Del denne artikkelen
Facebooktwitterlinkedintumblrmail

Filed Under: Debatt, Nyheter

Søk

Følg Nordnesrepublikken

Facebooktwitteryoutubeinstagram

Kontakt

Ansvarlig redaktør: Eva Johansen

Nordnesrepublikken følger god presseskikk og Vær varsom-plakaten.
Personvernerklæring

Sosiale medier

Facebook

Twitter

Instagram

Kategorier

Copyright © 2023 · Metro Pro Theme på Genesis Framework · WordPress · Log in