
Hanne Indrehus bor i Haugeveien og no er ho klar for USA-tur Foto: Eva Johansen
Vi følgjer Hanne Indrehus på tur til USA, og det er ein ting ho er spesielt oppteken av med denne turen.
Amerikabrev nr 1
No er det få dager til avgang USA og eg har så masse sommerfugl-aktivitet i magen at eg nesten ikkje kan sitte stille! Vi reiser til California på mandag, og som om ikkje det skulle vere spennande nok i seg sjølv, så skal eg altså på kurs!
Eg skal til Singing Frogs Farm i California på kurs i praktisk jordbruk!
Og kva i alle dager det er for noko rart, samt kvifor det skulle resultere i Amerikabrev i Nordnesrepublikken – det må jo nesten få ei forklaring.
Første gongen er høyrde om Singing Frogs Farm, var faktisk på BIFF (Bergen Internasjonale film festival), i ein fransk dokumentarfilm frå 2015 «Tomorrow» ( Demain). Eit fransk par som skal bli foreldre, bestemmer seg for å sjekke ut muligheter og løysingar på verdas problem som barnet deira vil møte. Det er så mykje tilgjengeleg informasjon der alt peikar på at menneskeheten er i ferd med å ødelegge sin eigen klode, at folk blir handlingslamma. Derfor ville dei vise fram unge idealister og forskarar med konkrete alternativ som kan lede til ei betre framtid, alternativ matproduksjon er eit av fleire tema dei tek for seg. Filmen er tildelt fleire priser og er absolutt verdt å sjå.
På veg heim frå visninga på Veftet diskuterte vi filmen som hadde mange interessante innspel – men lo godt av påstanden om at økologisk landbruk kan vere 10 ganger så effektivt som det industrielle landbruket.
Sidan har staden med det klingande namnet «Singing Frogs Farm» dukka opp i fleire samanhengar og blitt stadig meir interessant i mine auge. Fordi der gjer dei faktisk akkurat det som ein normalt skeptisk person vanskeleg kan ta for god fisk: dei produserer grønnsaker for omlag 100.000 US dollars pr acre ( 1 acre= 4047 m2) mot eit gjennomsnitt på ca 14.000 US dollar pr acre. Og no skal eg dit for å lære!
Sidan vi såg «Tomorrow» i 2016, har det ikkje akkurat blitt mindre aktuelt å sjå etter alternative framtidsscenario. Desse Amerikabrevene mine kjem til å handle om klimaendringane. I tillegg til Amerika, sjølvsagt! Til og med i republikken på Nordnes må vi jo forholde oss til klimaendringane.
Hanne Indrehus