Forskningsleder ved CMI, Arne Strand, tek for seg situasjonen i verda.
Ved inngangen til 2019 er der mange utanrikspolitiske utfordringar som skape usikkerheit for det komande året. Mange stader i verda kan dei ikkje forvente å ha det like fredeleg som på Nordnes.
Storbritannia og Brexit ligg nærast geografisk, men det er vanskeleg å forutsjå det endelege resultatet av enten ei forhandla eller ei hard britisk utmelding av EU – eller eit utsatt vedtak. Uansett utfall vil me truleg ikkje merke så store endringar, verken når det gjeld reising til, studiar i eller handel med Storbritannia. Sverige har slitt med å få ny regjering på plass, men ser ut til å klare seg bra på tross av det. Det er meir urovekkande at nasjonalisme og framandfrykt er aukande i Europa, her har me ei utfordring med å halde vår eigen debatt faktabasert og sakleg.
Det som likevel skape størst uvisse internasjonalt er korleis USA posisjonera seg som økonomisk og militær stormakt, og som NATO medlem, korleis dette vert formidla og kva reaksjonar det skapar. Forsvarsminister Mattis oppgav usemje med President Trump over USA si involvering i Syria, Afghanistan og Iran då han trakk seg frå stillinga si no seint i desember. Det kom som respons på President Trump sine twitter-meldingar om militær uttrekning frå Syria og halvering av styrkane i Afghanistan.
Kvar for seg var desse to endringane ikkje så uventa, President Trump har hatt dette som uttrykt mål frå han tok over som president. Men annonseringa og måten det skjedde på kan medføre uventa reaksjonar og mottiltak, og samle kan vedtaka peike mot større endringar i amerikansk politikk.
Uttrekninga frå Syria var mest overraskande, også avdi argumentasjonen var at terror-organisasjonen den Islamske Staten (IS) var nedkjempa. Annonseringa framstod samstundes som ei freding av President Assad og avlysing av ei regimeendring i Syria, og dermed ein siger til Assad støttespelarane Russland og Iran. Den tapande parten er kurdarane i Syria. Den kurdisk militsen (ofte omtala som YPG-militsen) har vore USA sin militære allierte i kampen mot IS, på same tid som Tyrkia har definert dei som terrororganisasjon grunna påstått band til det kurdiske PKK-partiet. No synest President Trump å ha gitt Tyrkia frie hender til å iverksetje ein militæroperasjon mot kurdarane, mot å også gå etter restane av IS. Frankrike er det einaste NATO landet som lovar å verne kurdarane militært. Kurderane på si side vurderar å skifte side i konflikten, dei har vendt seg til Assad regimet om vern.
I tillegg til å rokke ved den politiske skjøre balansen i Syria kan denne utviklinga også auke den politiske undertrykking av kurdarane i sjølve Tyrkia. Dei og 3,6 millionar syriske flyktningar kan verte syndebukkar i ei tid med aukande økonomiske utfordringane. Arbeidsløysa stig jevnt, i desember kom ungdomsledigheita over 20 %. Tyrkia har til no vore ein garantist for at flyktningar og migrantar frå Syria, Afghanistan og andre land i midt-Austen og Afrika ikkje reiser vidare til Europa, og Noreg. Endrar forutsetjinga for denne politikken seg eller det vert kutt i europeisk støtte til flyktningane kan det dramatisk påverke talet på flyktningar som kryssar havet til Europa.
Halvering av USA sine styrkar i Afghanistan er ikkje det store sjokket, det er ei nedjustering til 2016 nivået. Men, tidspunktet synest lite gjennomtenkt og kan styrke Taliban både militært og i dei pågåande freds-sonderingane. Både dei og den afghanske regjeringa les desse som om USA er på veg ut av landet etter 17 år med «krig mot terror», ikkje minst sidan USA har gått i direkte forhandlingar med erkefienden Taliban. Det har også Russland og Iran, som i Syria, står klare til å fylle eit eventuelt amerikansk tomrom. Igjen sit ein afghansk hær som slit med store tapstal og desertering og ei sterkt splitta regjering avhengig av utanlands støtte for å kunne yte grunnleggjande tenester og betale sine lønningar. Og, afghanske kvinner uroa over at dyrt fram-kjempa rettar kan reverserast. Deira forhandlingsposisjonar overfor Taliban er effektivt svekka av ein tweet, spørsmålet er også om det også vil påverke aksept for og kor haldbar ein eventuelle avtale vert. Det kan også gje overraskingar. Om Noreg vel å helde fram sine økonomiske og militære bidrag, kan det tenkjast at norske spesialstyrkar samarbeider med Taliban sine elitestyrkar for å beskytte Kabul mot IS.
Slik sett kan ein lese Trump sin twitter om tilbaketrekking av amerikanske styrkar også som ei uventa avlysing av krigen mot terror, i alle fall mot Taliban og IS. Spørsmålet er om dette er ei avgrensa handling, eller del av ei større endring av USA sin internasjonale politikk med konsentrasjon av politiske og militære ressursar om færre mål. Og, dermed også om rolla som verdspoliti er erstatta av einsidig vektlegging av eigne økonomiske/ politiske interesser. Uttrekning frå Paris avtalen og fleire FN organisasjonar tyder på det. Den amerikanske stridsøksa er i alle fall ikkje gravd heilt ned, spesielt to land, Iran og Kina, er blinka ut av den noverande administrasjonen.
Iran er stadig framheva som støttespelar av terror, USA trakk seg som kjent frå atomavtalen og innførde økonomiske sanksjonar mot landet tidlegare i år. Dei har alliert seg med Israel og Saudi Arabia i å framstille Iran som den store trusselen mot både regionen, og verda. Det set Europeiske firma i ein vanskeleg situasjon, truleg også ein tidlegare norsk minister som jaktar nye forretningar, og mange har alt avslutta handelsavtalar. Russland, og til ein viss grad Tyrkia, støttar Iran, men kan i mindre grad kompensere for dei økonomiske tapa av sanksjonane.
Framfor direkte militære virkemiddel er nok USA sitt mål å styrke ein indre iransk opposisjon og få til eit opprør mot presteskapet. Dette i parallell med tiltak for å avgrense deira politiske, religiøse og militære innflytelse i regionen. Her kjem den Saudi leda krigen i Jemen inn og sanksjonar mot Qatar, og angrep mot Hezbollah i dei Palestinske områda og i Libanon. Men, skulle nokon USA allierte ende i ein militær konflikt med Iran kan USA fort verte trekt med, og amerikanske styrkar verte militære mål. Som i Syria og Afghanistan.
Internasjonalt er det ikkje tvil om at USA ser Kina som sin store økonomiske og militære utfordrar, det kan vere del av årsaka til at retorikken mot Russland er tona ned. Nord Korea har også hamna lenger nede på trussel lista, same om resultata etter toppmøte er få. Militært er USA sin konflikt med Kina så langt avgrensa til i sør-Kina havet, men konfliktnivået har auka i takt med at Kina dei siste åra har rusta opp marinen. Kina har også styrka sitt økonomiske nærvære i sentral og sør Asia, og i store deler av Afrika, mykje for å sikre tilgang til naturressursar og energi. Dei er godt i gang med å etablere den nye Silkevegen mot Europa, med hamner, jernbanar og vegar for å frakte råvarer til Kina og ferdige produkt til Europa – og USA. Land som tidlegare fekk eller søkte politisk eller militær støtte frå USA snur seg no i stadig større grad til Kina. Det inkluderar muslimske land som Pakistan, på tross av Kina sine overgrep mot den muslimske uguri minoriteten.
Den pågåande handelskrigen mellom USA og Kina og krav om utestenging av kinesiske (statstilknytta) elektronikkfirma frå utbygging av mobil infrastruktur i USA, Europa og Australia er teikn på opptrapping av konfliktnivået. Her er Noreg, og ikkje minst kystnoreg, sårbare om det skulle påverke lakseeksporten. Det er heldigvis lite som tyder på noko storkonflikt mellom Kina og «vesten» dei neste åra, heller meir posisjonering og alliansebygging frå begge partar. Her må nok Noreg, og Europeiske land, utøve mykje diplomatisk handtverk for å oppretthalde ein nøytral posisjon.
Det er derimot lite von om at President Trump vert meir diplomatisk og etterretteleg det neste året, om han vert sitjande som USA sin president. Færre i kretsen rundt han ser ut til å våge å opponere mot han, eller få halde fram i jobben om dei seier seg usamde. Usannheiter vert ståande umotsagt. Presidentar som Putin og Erdogan, og mange andre i maktposisjonar, fangar raskt opp slik praksis og gjere den til sin eigen. Det gjere ikkje verda noko tryggare eller meir rettferdig, heller tvertom.
Arne Strand