Nordnesrepublikken

Byens beste nettavis for oss på Nordnes

  • Hjem
  • Nyheter
  • Næringsliv
  • Historie
  • Debatt
  • Annonsering
  • Kontakt

Gjer Akvariet om til badeland!

31. desember 2018 av Leserne har ordet 1 Comment

Del denne artikkelen
Facebooktwitterlinkedintumblrmail

Innsendaren vil ha menneske her i staden for dyr. Arkivfoto: Nordnesrepubliken

Lesarbrev med visjonar for framtida.

På veg heim etter  nyttårsbad i Nordnes sjøbad, ein fantastisk  happening på ein ellers sur, grå og trist avslutning av året 2018, så er det nokre tankar som må ut:
Det er annonsert flytting av såkalte «marine klynga» frå Nordnes – dvs Havforskningen, NIFES, Akvariet og antageligvis Fiskeridirektoratet. Dette er prosessar som går sin gang – det skjer ikkje i morgon – men i løpet av nokre år. Kva som vil skje med dei tomme bygningane er pr i dag antagelig heilt i det blå. Men: Akvariet burde då bli eit badeland!!!!

 

Tenk så fint det kunne blitt! Masse muligheter,med små og stor basseng,kalde og varme, inne og ute. Kunne hatt «romersk bad» eller SPA- avdeling, kunne hatt småbarnsavdeling, kunne hatt stupebrett ute i det store selbassenget! Og inne i midten, i det store runde rommet utan vindu – der kunne det blitt ei strand! I Bremanger har nokon gjort dette, innreda eit bua-loft som ikkje var i bruk med nesten naturleg lys, parasollar og fluktstoler, sand på golvet og badestamp. Samt høve til å kjøpe paraply-drinkar. Ein strålande suksess! For vi bur jo i eit land med mykje ver og vind, sommaren 2018 kan bli ståande som eit unikt, lukkeleg minne … Det er vanskeleg å spå om framtida og aller vanskelegast å spå været – dette er noko alle vestlendingar veit. Men både vi vanlege, dødelege og ekspertane kan alle sjå at værlaget er i endring – og klimadebatten kan jo ingen ha unngått å få med seg. Så det blir spennande å sjå korleis somrane blir framover, villare, våtare og varmare er ord som meterologane tek i bruk om været vi kan vente oss sånn på heilårsbasis.

 

Så korleis overleve godt under nye værforhold, der vi kanskje må leve med grått vær store delar av året? Tja, kanskje bl.a. med tiltak der vi kan gå og få oss doser med dagslys, føle gleden av sand på bare bein og svømme sjølv om det stormar ute?
Også er det jo slik at heile/deler av klimakrisa er skapt av oss sjølve, av eit overforbruk som ikkje går an i lengda. I dette perspektivet er viderebruk av Akvariet til badeland midt i blinken og fornuftig gjenbruk. Alle grunnlagsinvesteringane med vatn og pumpeanlegg ligg jo der. Staden er lagt opp for å handtere eit stort publikum, lettare ombygging til garderobar må vere enkelt å få til. Bygg ut Bybanen videre rett fram frå Byparken-stoppet til Nordnes-pynten – og alle buss/trafikk/parkeringsproblem er løyst for heile Bydelen!

 

Eg ser for meg at Akvariet held fram som ein stad for glede og opplevingar. Ein stad for dei som berre vil kose seg i vatnet (vil du svømme intervall, er sikkert ADO-arena ein betre stad), for dei som er veldig små og dei som er veldig gamle og alle oss andre innimellom der.
No er klokka blitt 13:10 på dagen – det ligg tungt skydekke heilt nedi hustaka og det er i praksis nesten mørkt ute.
Tusen takk for nyttårsbadet i 2018 – eg gler meg til neste gang?!

 

Godt nyttår,
helsing Hanne Indrehus

Her er de siste sakene

  • Slik ble vedtaket om Nordnes sjøbad
  • Blir det helårsåpent?
  • Fiskedronningen har slått av komfyren for siste gang
  • Tøft for barer og restauranter
  • Sjøbadet – et rush av endorfiner

Følg Nordnesrepublikken

Facebooktwitteryoutubeinstagram

ANNONSE
Del denne artikkelen
Facebooktwitterlinkedintumblrmail

Filed Under: Debatt, Nyheter

Comments

  1. Kristian Aagaard says

    31. desember 2018 på 15:10

    Knallgod idé!

    Svar

Legg igjen en kommentar Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

ANNONSE


Oppdatert 9. januar 2021

Søk

Oppdatert 22. januar:
Gjeldende koronaregler finner du her

Mest lest siste måned

Julemarked på Munkebryggen
Noen er flyttet inn i Katten
– Er så sint og skuffet!
Bærekraft uten moralsk pekefinger
Her kommer det ungdomshus

Følg Nordnesrepublikken

Facebooktwitteryoutubeinstagram

Her er din faktura for abonnement 2020

ANNONSE

ANNONSE

FINN DIN HISTORIE

P1020858 De er borte nå, men hvem var de og hva drev de med? Nordnesrepublikken kan hjelpe deg med å lete etter dine slektninger.

Kontakt

Tips oss: tips@nordnesrepublikken.no
Telefon (etter klokken 1600 og hele onsdag) og SMS/MMS: 91391147

Ansvarlig redaktør: Eva S. Johansen
eva.johansen@nordnesrepublikken.no

Nordnesrepublikken følger god presseskikk og Vær varsom-plakaten.
Personvernerklæring

Følg oss

Facebook

Twitter

Instagram

Kategorier

Copyright © 2021 · Metro Pro Theme på Genesis Framework · WordPress · Log in