
Her er fra kurset som vert heldt no. Tilbakemeldingane har vore gode. Foto: Privat
Ingvild Skodvin Prestegård har mange jern i elden.
Mange hugsar ho nok frå Gågaten og butikken Uno. Den måtte avvikle driften i 2016, men det stoppa absolutt ikke opp for Ingvild Skodvin Prestegård.
Frå 2014 har ho hatt samvirkelaget Allmenningen SA saman med nokre andre. Her er det Allmenningen yoga som er det største prosjektet. Før Uno vart stengt vart det heldt mange yogatimar i butikklokale der.
Ingvild har yogautdanninga frå England, men er også sosialantropolog. Men eit felt opptek henne spesielt for tida. No bruker ho heilskapen i utdanningane til å halde spesialkurs for deltakarar med osteoporose og osteopeni.
– Då eg tok yogainstruktørutdanninga mi i England, hadde vi ein bit om ulike muskel-og sjelettplagar, og korleis ein kan tilrettelegge for deltakarar som har slike tilstandar. Ettersom vi i Noreg har den høgaste førekomsten i heile verda på osteoporose per innbyggar, var dette svært interessant for meg. Eg rekna med at eg burde kjenne til utfordringane som følgjer med dette. Det er fire gonger så mange kvinner som menn som utviklar osteoporose, og ein får det gjerne etter overgongsalderen. Det er mange som har osteoporose utan å vite det, ettersom ein gjerne først vert merksam på det når ein har fått eit beinbrot, fortel ho.

Ingvild Skodvin Prestegård. Foto: Fra Instagramprofilen Allmenningen yoga.
Fokus på osteoporose
Ho las mykje om osteoporose og yoga.
– Eg kom eg over ein amerikansk lege, dr. Lauren Fishman. Han held på med eit forskingsprosjekt på yoga og osteoporose, og sjølv om studia er lita, har den første runda indikert at yoga kan vere med å styrke kroppen og skjelettet. Eg har også forstått det slik at det er mange ulike tilnærmingar, og mykje ulike forskingsprosjekt, på trening og osteoporose, og osteoporose i seg sjølv. Mykje av det ein les, og mange av råda ein kan finne, kan verke motstridande og forvirrande.
Ho bruker kunnskapen saman med utdanninga.
– Eg har bakgrunn som sosialantropolog med spesialisering på meistring, kroniske tilstandar og legingsprosessar. Dette gjorde at når eg prata med kvinner som har osteoporose, anten dei har opplevd brotskadar eller ikkje, kunne eg tenkje heilheitleg og løysingsorientert på osteoporose og yoga. Det verka som om det ikkje var osteoporosen i seg sjølv som plaga dei mest, men frykta for å falle og for å få beinbrot. Eg fekk lov å ta del i eit kurs som Haukeland sjukehus held for osteoporosepasientar, og der fortalte brukarrepresentanten at alle hennar beinbrot, hadde skjedd når ho «skulle berre».
Dermed var tanken på eit eige yogakurs på dette området fødd.
– Eg bestemte meg for å lage eit yogakurs for deltakarar med osteoporose og osteopeni, med rolege rørsler som vil styrke musklar, balanse og meistringskjensla. Som vil gje dei reiskapar til å roe ned, sete betre grenser for seg sjølv og kjenne på kroppen på kanskje eit nytt vis.
No har ho heldt nokre kurs for denne gruppa, og held eit no kvar onsdag,
– Tilbakemeldingane har vore særs gode, deltakarane fortel at det er befriande å lære rørsler som dei kjenner er gode for kroppen, og dei kjenner seg tryggare og sterkare etter berre nokre veker. Så langt eg veit, er dette det einaste yogatilbodet til deltakarar med osteoporose og osteopeni i heile Hordaland. Eg har ikkje som mål å behandle osteoporosen, men å gje deltakaren – som har osteoporose – eit trenings- og avspenningsprogram som vil kunne vere med å gje dei auka livskvalitet og tryggleik i kroppen sin. Vi tek føre oss litt anatomi og fysiologi på kurset, avdi forståinga vår av kroppen har mykje å seie for korleis vi forstår det som skjer med oss.
Dru yoga – som er den formen for yoga eg underviser i, er varsam, roleg og trygg for alle. Dru yoga er ei blanding av klassisk yoga, tai chi og qi gong, og vi arbeider mykje med pusten og avspenning, i tillegg til muskeltrening og koordinasjon. Ein kan tilpasse rørslene til eige behov, altså gjere dei så lett eller tungt som ein treng sjølv. Kurset eg tilbyr er inspirert av mellom anna Dr. Fishman, og tek føre seg nokre av rørslene han tilrår, forklarar yogainstruktøren.
På kurset som går no, kjem det besøk.
– I november får vi besøk av ei dame som er med i forskingsprosjektet til Dr. Fishman. Ho kjem for å vere med på ein av timene våre, og prate med oss om likheiter og ulikheiter med prosjektet ho er med på. Litt utveksling er alltid interessant! I 2019 vert det fleire osteoyogakurs, og etter kvart som det vert fleire deltakarar, vert det også betre grunnlag for å seie noko meir om verknaden av kurset. Det gler eg meg til å ta fatt på, seier den driftige dama.
Kursa vert heldt i lokale Ingvild leiger hjå Helsesenter i Bergen i Sverresgate.

Full konsentrasjon under yoga. Foto: Privat
Månelyset
I tillegg til kursa har Ingvild skrive fleire bøker og driv Moon Journal-konseptet.
– Moon Journal-konseptet har vekse ut frå yogatimane. Eg legg programmet tett opptil årstidene, og er oppteken av korleis sollyset påverkar oss. Her i Noreg har vi dramatiske skilnader mellom sommar og vinter, og vi har ei særdeles lang skumringstid. I tillegg har vi månen og månelyset som påverkar oss. Månen gjev oss flo og fjære, og mange kjenner at dei søv mindre kring fullmåna. Desse skilnadene er mindre no som vi har elektrisk lys, men dei er framleis viktige for oss. Eg ville utvikle ein meditasjonsreiskap til yogadeltakarane mine, som dei kunne bruke heime til å fordjupe seg i tema vi hadde prata om i yogatimane. Når refleksjonsprosessar vert sete i gang, tek det gjerne litt tid, og ein vil gjerne vere i fred med tankar og inntrykk. Det vart klart at ei slik bok kunne også verte ei ramme for personleg vekst og utvikling åleine, og då vart det naturleg å skrive henne på engelsk slik at ho vart tilgjengeleg for eit større publikum. No har eg publisert den tredje boka – Moon Journal 2019 med bonusmateriale på ei nettside, og eit nettsamfunn der lesarar kan dele refleksjonane sine gjennom året, fortel Ingvild.
Boka har lesarar frå heile verda.
– Boka er ei lågterskel meditasjonsbok, der lesaren les, mediterer og noterer seg tankar kring eit tema til kvar full- og nymåne, og årstider. Salget er heller beskjedent, men boka har fått kjempegode anmeldingar frå yogainstruktørar. Boka har lesarar over heile verda, og det er jo litt spanande, smiler Ingvild.
Ingvild bur i Strandgaten, og mange av bileta i boka er tekne på Nordnes.
Allmenningen yoga på Instagram.