Ta eit tak i «Takhagen» eller få sykkelen fiksa.
Våren pressar på, sjølv om minusgradane er seige i år. Men denne helga kan vi ikkje klage på veret. Og på sundag 18. mars kan du vere ute i nabolaget og samstundes jobbe litt for fellesskapet.
Då skal nemleg «Bærekrafitige liv på Nordnes» ha vår-/vinterdugnad.
I «Bærekraftige liv på Nordnes» er Elin Hestenes ein av primusmotorane. Ho fortel kva som skal skje på sundag. Og lengre nede kan du sjå korleis du kan få sykkelen fiksa på måndag.
– Me finn ut kva som er status etter vinteren, og ryddar og gjer hagen klar for våren og ny vekstsesong. Dette er noko alle kan vera med på, både store og små.
Hagen for alle
Kva er eigentleg Takhagen som du finn på taket til Nordneshallen rett før Nordnes ender i Nordnesparken. Inngangen er frå Nordnesveien.
– Takhagen er ein hage som tilhøyrer alle i nabolaget, og som alle kan vera med på å ta vare på. Her er det bærbuskar, frukttre og kasser med urter og andre vekstar. Kassene som er merka med «FELLES», bær og frukt kan alle som vil plukka og smaka av. Du kan forsyna deg så mykje som du synes du fortener etter kor mykje du har bidratt med. Å bidra kan ein gjera på mange måtar, ved for eksempel å vatna når det er tørt, plukka litt søppel, luka litt rundt bærbuskane, slå av ein prat med ein nabo eller smila til andre som går forbi. Slik gjer me hagen vår, og nabolaget vårt, hyggjelegare for alle som bur her, forklarar Elin.
Nå kan du óg få din eigen kasse.
– I fjor var fyrste året me inviterte folk til å få disponera si eiga kasse i Takhagen. Det var stor interesse, og kassene vart delt ut kjapt. Diverre vart det problemer med jordlevering, så nokre kasser vart ståande utan jord. I år er det imidlertid fiksa, så me får jord tilkøyrd allereie i neste veke. Planen er òg å få plassert ut endå fleire kassar. I tillegg til «miniparsellane» har me mange kasser som er felles, og som det er fritt fram å plukka i. Alle bærbuskar er òg felles for alle på Nordnes.
Folk på Nordnes er engasjerte i nabolaget sitt.
– Eg tykkjer Nordnesfolk generelt er positive til alle tiltak som kan styrka nabolaget. Me ser at Takhagen interesserer, det er til dømes mange som tek turen innom på veg heim frå skule eller barnehage for å kikka i kassene og smaka litt på det som veks der. No håpar me berre på ein varm og fin sommar!, smiler Elin og ynskjer alle velkomne til Takhagen på sundag.
Vårpussen på sykkelen
«Lyst til å susa bortover på tørr asfalt og kjenna vinden i håret?
La det ikkje bli med draumen denne våren». Sånn lokkar «Bærekraftige liv på Nordnes» deg til å passa på å få fiksa sykkelen før sumaren kjem.
Dei har bedd Joakim frå Cyclofix til å flytta verkstaden sin til Nordneshallen. Dette skjer på måndag 19. mars klokken 1600-2000.
– Det Joakim Wallmark ikkje veit om syklar er ikkje verd å vita. Han har fiksa syklar på fulltid i 14 år, og har bytta ut fast verkstad med ein varebil utstyrt med alt av verktøy og delar. Slik kan han reisa til kunden framfor at kunden må komma til han. For oss i «Bærekraftige liv på Nordnes», som har som mål å gjera det litt lettare å ta miljøvenlege val i kvardagen, er dette midt i blinken, seier Elin og gir deg oppskrifta på korleis du går fram:
Vil du ha sykkelen din fiksa på måndag?
Då gjer du dette:
- Meld deg på ved å senda ein mail til info@cyclofix.nomed
namn og telefonnummer. - Joakim tek kontakt og kjem på gratis (!) heimebesøk for å
sjå på sykkelen din og komma med eit tilbod. - Du og sykkelen din kjem til Nordneshallen på måndag.
- Du drikk kaffi – Joakim fiksar sykkelen din.
Enklare blir det ikkje!
(Merk: Det går an å melda seg på utan å få heimebesøk, men dersom det er meir enn dei mest vanlege tinga er det mogleg at han ikkje har med seg dei delane som trengs. Det er altså lurt med ein prat med Joakim uansett).
Her er link til Facebook-arrangementet.
Sjå kva anna som skjer på Nordnes