Bebuar ville lenkje seg saman med syskenborn frå Sunnmøre.
Ruslar du mellom trehusa på vestsida av Nordnes, kan du brått kome over reine sørlege tilstander. Midt i Trangesmauet er der nemleg ein vakker hage, med telt, stolar og ei mengd potteplantar og anna pynt.
Det er nabo Marit Bakkebø som har stått for bygginga av dette vakre synet. Men så ein dag under sykkel-VM kom det folk frå kommunale etatar på vitjing i gata. Dei likte ikkje det dei såg.
Etter dei fyste hadde vore der, skreiv Bakkebø dette på Facebook-sida si:
«Det vart ein hendingsrik dag i smauet. Folka i etatane er i høgberedskap no på grunn av sykkel-VM. I dag var tre personar frå førebyggjande avdeling ved Brannvesenet her og sa eg måtte rive, og minst 3 meter fri breidd og 3 meter fri breidd, og at tronge Trangesmauet er ein gjennomfartsveg i Brannvesenet sitt nett.»
Ho fekk éin dag på seg til å rive hagen. Marit Bakkebø var fortvila.
– Så kom ein mann frå Miljøetaten i Bergen kommune. Han hadde fått ei hastemelding, fortalde han, men sa rett ut at han tykte dei hadde overdrive kraftig. Slik han såg det, kunne eg flytte litt på enkelte potter. Men han hadde ikkje myndigheit til å overprøve dei tre fyrste. Han skulle snakke med sjefen sin, fortel Bakkebø.
Bakkebø snakka også med ein brannmann privat. Han kunne fortelje at Trangesmauet ikkje er blant gjennomfartsvegane for Brannvesenet, og at om naudsynt hadde dei berre køyrt ned krukkene for å kome fram.
Då dagen var omme var Marit Bakkebø litt i villreie. Men ho tenkte ho ville vente til det kom noko skriftleg i saka.
– Alternativt, er det nokon som vert med på å lenkje seg fast, spurde ho!
Fleire etatar
Nordnesrepublikken ringde fyst til brannvesenet. Ja, dei hadde vore der, det var i samband med kontrollar dei vanlegvis har, men som vart høgaktuelle under sykkel-VM. Det måtte vere klar bane i gater og smau om noko skulle skje.
Vi kunne sjå at dei hadde ekstra fokus på dette, då denne meldinga stod på Bergen brannvesen si Facebook-side den 16. september:
«Stille før stormen: Førebyggjande personell frå Bergen brannvesen er i gong med kontinuerlege rundar i VM-byen Bergen for å passe på at framkomelegheit og branntryggleik er ivareteke under Sykkel-VM 2017.»
Etter litt fram og tilbake sa dei at dei ville melde vidare til Bymiljøetaten, som skal avgjere kva som skal skje, og at dei ikkje meinte det var naudsynt med tiltak. Dette var ikkje ein gjennomfartsveg. Skulle det byrje å brenne i gata, måtte dei uansett til med slangar og kran, som i andre tronge smau.
Etter nokre dagar kom dei tilbake til Trangesmauet og sa det same til Bakkebø.
– Brannvesenet har akkurat vore her og sagt at hagen får vere! Dei sa berre at eg måtte rekne med at han fekk ein ublid medfart om det skulle brenne her. Og dei stadfesta at dette smauet ikkje vert brukt til gjennomkøyring. Eg vart så glad at eg heldt på å grine, sa Bakkebø gledesstrålande.
Då skulle ein tru at saka var ute av verda.
Nordnesrepublikken sjekka med Bymiljøetaten, sidan det var dei som hadde myndigheit til å fatte vedtak. Der fekk vi etter ein runde i telefonen, snakke med han som var på staden i Trangesmauet.
Ingeniør Robert Ølmheim i Bymiljøetaten fortel at han prata med Bakkebø denne dagen.
– Det er kommunal veg og veggrunn der. Då har vi vedtektsmyndigheit etter veglova. Ein kan ikkje setje innretningar på kommunal grunn utan å ha løyve til det, sa han, og la til han måtte kome tilbake til saka. Han hadde ikkje då høyrt kva Brannvesenet hadde sagt.
Vil utøva skjønn
Nokre dagar seinare kunne han fortelje at dei hadde handsame saka i etaten.
– Bymiljøetaten vil følgje opp saka og ta kontakt med huseigar, og kome til ei slags ordning. Så får vi sjå kva vi får til. Det vert ei vurderingssak i kvart einskild tilfelle, og vi må sjølvsagt utøva skjøn.
– Ei av våre oppgåver er å sjå til at vegnettet held ved like sin funksjon. Samstundes ynskjer vi å bidra til trivsel i nærmiljøet, seier Ølmheim.
Så no håpar Bakkebø at saka løyser seg og at i alle fall mesteparten av hagen får stå.
Les også: Sjekk den stolen