
Simon Valland er utdanna sommelier og gjer deg tipsa til nyttårsafta. Foto: Nordnesrepublikken/Vinmonopolet.no
Vinspaltisten gjer deg tipsa.
Nok eit år er unnagjort, julematen er fortært og dei fleste har sett videoen 8sin8 på facebook – Eit år rundt sola! Lika sikkert som ein i dagane før julekvelden kan følja «Svinesvoren – Minutt for minutt» eller læra dei aller nyaste tjuvtriksa om bjørkepinnar til pinnekjøttet, så byrjar sakte men sikkert fokuset å dreia mot nyttårsafta. Kva skal ein eta? Og ikkje minst, kva skal ein drikka?
Eg trur dei aller fleste til no har lærd at ein ikkje lenger skal spara det beste til slutt. På same vis som ein alltid bør byrja med baconet når ein et, bør ein også starta nyttårskvelden med det beste og heller spretta den litt billige proseccoen når klokka nærmar seg midnatt.
På lik linja med svinesvoren til julekvelden er musserande vin til nyttårsafta meir ein formalitet frå skribentane si side en ein nødvendigheit for folket. Det kan jo ikkje være slik at ein gløymer frå år til år korleis ein lager julemat? Eller at cava er eit godt alternativ til Champagne?
Er du fortsatt i tvil om kva som høver til deg ?
Då kan du enkelt følga min guide under.
Prosecco til kontorrotta
Prosecco er laga av drua Glera og kjem frå Veneto-området i Italia. Den er kanskje kjend som den «søtaste» av dei musserande alternativa, sjølv om prosecco vil bli klassifisert som ein tørr vin. Dette kjem delvis av at drua Glera er kjend for å væra søtare enn dei ein brukar til Champagne.
Denne søtlige ettersmaken gjer den lett tilgjengeleg for den nordiske gane som likar det litt søtt. Prisen er som regel ikkje noko å sei på heller, difor svergar mange til prosecco.
For ei flaske prosecco må ein rekna med 135 kr, medan ein ok+ Champagne kostar deg ein 400-lapp.
Ikkje rart dette er den mussarende vinen eg anbefalar til dei som ikkje slår ut håret kvar dag!
Cremant til den godtroende
Cremant er ein fellesbetegnelse for all fransk musserande vin som ikkje kjem frå Champagne distriktet. Cremant får tilnavn etter kvar dei har opphavet sitt, dette vil og fortelja ein litt om kva druer som er i vinen. Cremant de –Burgund, –Jura og –Alsace er nokre av dei vanlegaste i polhyllene.
Forskjellen frå Champagne er både pris, druer, og kvar dei kjem frå. Cremant ligg gjennomsnittelig på under 200-lappen. Det er og ein vesentlig forskjell på jordsmonnen i Bordeaux eller Alsace og Champagne. Druene er ofte ikkje dei same frå plass til plass heller.
Ein høyrer likevel lekfolk meine at dette er «akkurat det samme som Champagne, berre at det ikkje kjem frå Champagne», eller som dei seier i Thailand «same same, but different».
Mon tro om dei som kjøper Cremant trur på det …
Cava til Sydenfararen
Cava er opprinneleg frå området Penedes rundt Barcelona i Spania. Eller «syden», som mange kjenner det som. Cava er som regel laga på druesamensetningen – Macabeo, Perellada og Xarel-lo.
Cava skal være tørr, frisk og gje lukt av sitrus! Frå riktig produsent skal ein god cava kunna utfordra Champagne, både på smak og ikkje minst pris. Ein må som regel ut med litt meir for ein god cava enn ein må for prosecco. Cava vært rekna som nationaldrikken til dei som klappar når flyet landar.
Britiske bobler til puristen
Brukar ein jula på å sjå program som – The Crown, The Queen, eller ein dokumentar om Winston Churchill. Då kan kanskje engelsk musserande vin være noko for deg. Ein kan for eksempel trekke fram positive trekk som, druene er dei samme som Champagne, jordsmonnen er den samme som i Champagne, og prisen er den samme som i Champagne. Skulle ein hatt ein betre kopi måtte ein spurt Kina til råds!
Franciacorta til hipsteren
Det aller «nyeste» innen musserende vin, sjølv om det har vært annerkjent for musserande vin sidan 60-talet. Franciacorta kommer fra Lombardia, som er distriktet for eksempel Milano ligg i. Den lages på Chardonnay og Pinot Noir som er samme druer ein finn i ein del Champagne. Dette er vinen for hipstaren som ønsker å holde eit lite foredrag på nyttårsafta om kva dei drikk! Passer utmerket til firkanta skjegg!
Når det kjem til prisen er Franciacorta eit mellomsteg mellom ein dyr Cava og ein billig Champagne.
Champagne til den hovmodige
Ikkje alt som glitrar er gull, og ikkje alt som sprudlar er Champagne. Dette er noko dei som drikk Champagne ettertrykkelig vil minna deg på, dersom du skulle komme i skade for å sette ei flaske billige bobler ved siden av deira flaske Champagne.
Champagne lever på ei bølge som dei sjølv har skapt, der produktet deira blir forbundet med fest, luksus og alt som er godt i verden. Sjølvsagt må du betale i dyre dommar for å være ein del av dette felleskapet av godhet, og mange stiller seg spørsmålet om det er verd det. Dei som svergar til Champagne vil sei 11 millionar gonger ja! – Det er også så mange bobler som det er i eit glass Champagne.
Men det er noko som berre me betrevitande Champagnedrikkarar veit!
God feiring
OBS: Vinmonopolet stenger klokka 1500 på nyttårsafta!
Les også: Ny restaurantsjef på Kippers
Tidligere innlegg i Simons vinspalte:
- Bli bedre kjent med Barbera
- Bag-in-box
- Høytiden sniker seg på
- Ved første og beste anledning
- Den var sur
- Kjære leser, velkommen til min lille spalte om vin