
Synnøve Misje fra Bærekraftige liv på Nordnes stod for profesjonaliteten i arrangementet sidan dei har hatt fleire slike marked.
Supergod stemning på Klosterplassen.
Tekst og foto: Hanne Indrehus
Torsdag denne veka blei det arrangert byttemarknad på Klosterplassen. Arrangør var vi som stod bak initiativet bilfri Klosterplass og Bærekraftige Liv på Nordnes.

Hanne Indrehus fekk bytta til seg ein ny hatt.
Mange lurte på ka byttefest/ byttemarked egentlig er. Det er Framtiden i våre hender sin konstruksjon: ta med og lever inn det det du ikkje vil ha. Mesteparten får 5 «takk», veldig fine ting får 10 takk og mindre greier får 1 takk. Så får du ein lapp med summen av det du har levert inn. Ting blir plassert i 1, 5 og 10 takks-stativer. Så kan du gå rundt og sjå og for eksemplel ein halv time etter start begynner bytting. Då plukker du ting i forhold til kor mange «takk» du har fått ved innlevering. Ein halv time før slutt blir det opna for salg på det som ikkje alt er bytta, til inntekt for Klosterplassen. Det vil seie at også folk som ikkje har levert inn bytteting kan kjøpe. Dei som har levert inn ting kan då velge å ta dei tilbake dersom dei ikkje ynskjer at dei skal bli solgt. Det som måtte bli att heilt til slutt, går til Freetex.

Desse skjønningane bemanna Nordnes Idrettslag sin bod med svelekaker (fort utsolgt!), boller og pizzasnurrer bla. Frå venstre: Maya Cobbel, Thea Allvær Bragstad, Jostein Graff, Per Henrik Mork Viken og Fredrikke Nygård. Dei meinte dei hadde solgt for masse penger.

Ikkje det største arrangementet på plassen, men tre fulle stativ med klær å bytte i og veldig masse fornøgde fjes. Eit vellykka nabolagsarrangement.

ENJO med sine fantastiske miljøvennlige vaskeprodukter fikk vist seg fram – og lover å komme ein annan gang også.

Tre fulle stativ med klær å bytte i og fornøgde folk.

Desse 4 damene holdt latteren på topp under heile markedet. Frå høgre; Torill Moe Gjestal og Kathe Eiken begge klassevenniner frå Nordnes og videre to venninner til: Rigmor Øvreaas frå Steinkjellerbakken og Eli Mari Høyland som sa ho var mest fra Bjørndalen

Og ungene klatrer på steinen! Denne gjengen begynte nede med kaféen og klatra/hoppa seg heilt opp til gangfeltet.

Legg igjen en kommentar