Nordnesrepublikken

Byens beste nettavis for oss på Nordnes

  • Hjem
  • Nyheter
  • Næringsliv
  • Historie
  • Debatt

Stappfullt hus på kompostkurs

9. februar 2016 av Hanne Indrehus

Del denne artikkelen
Facebooktwitterlinkedintumblrmail
Mandag denne uken var det kurs i kompostering på Nordnes bydelshus. Foto: Hanne Indrehus

Mandag denne uken var det kurs i kompostering på Nordnes bydelshus. Foto: Hanne Indrehus

Årsaka var kanskje at Bergen kommune har lagt om bossavgifta.

Det var heilt fullt og venteliste på Bærekraftige Liv på Nordnes sitt komposteringskurs på Bydelshuset mandag. Det er kanskje ikkje så rart med tanke på at Bergen kommune har lagt om bossavgifta: med tradisjonelt bosspann er det no inkludert ei tømming per månad. Set du ut spannet ditt to gonger i veka slik som før – så blir det tømt, men prisen blir temmelig høg.

Bossug-kunder har tilsvarande avgiftssystem basert på antall nedkast. Så då er gulerota på plass for at folk legg seg i bresjen for å redusere restavfallet sitt.
 

Lærte å gjere det sjølv

Kveldens innleiar var Kristine Ullaland som også driv bloggen «Grønare kvardag«, og er ein av dei hittil få her i landet som kan

Innleder Kristine Unneland. Foto: Hanne Indrehus

Innleier Kristine Ullaland. Foto: Hanne Indrehus

kalle seg «ekspert» på bokashi-kompostering. Metoden er oppfunnen i Asia på 70-talet (derav det japanske namnet), og veldig kort fortalt går det ut på at ein tilsett ein bakteriekultur som omdanner organisk avfall til matjord på rekordkjappe 5 veker.

På kurset fekk folk både sjå og lukte på denne typen kompost, og Nordnesrepublikken kan med handa på hjartet fortelje at dette luktar slett ikkje vondt – meir som skog og lauv ein fuktig haustdag.
Årsaka til dette, fortel Kristine er at det ikkje er ein forråtnelsesprosess som foregår. Det er ein fermenteringsprosess, omtrent som når ein lagar sylteagurkar på gamlemåten. Det er også fullt mogeleg å lage mikrobestamma ein tilset sjølv, men ein tilrår nybegynnarar å starte litt enklare med «kjøpekultur». Dette er å få tak i på nett i Norge. Kjøpekulturen kjem i form av eit strø, medan den du lager sjølv er ei væske som du eventuelt kan omdanne til strø ved å bruke avispapir.

Behalder

Og ellers treng du berre ein behalder med tett lokk, sannsynlegvis har du noko som du kan bruke frå før, slik at du ikkje treng å kjøpe spesialbehalder.
beholder

Behalder produsert for å brukes til denne typen kompost. Har tappekran for å ta ut overflødig vatn. Foto: Hanne Indrehus

beholder_plast

Ein slik behalder kan du og bruke, den kan du få gratis på ein kebabsjappe. Foto: Hanne Indrehus

Det var stort engasjement og masse spørsmål på møtet.
Nordnesrepublikken spurte to av dei yngste deltakarane kva dei syntes: Max Lødøen (13) frå Møhlenpris syns dette er kjempespennande og at det er veldig bra at folk engasjerer seg for å få ned bossmengda i samfunnet vårt. Hanna Strand Karlsen (18) er med i Natur og Ungdom og er enig i dette. Ho legg til at dette er ein sykt gøy måte å gjenbruke på, når mamma kan bruke det til plantene sine til slutt!
deltakare

Kursleder Kristine Ullaland, deltaker Max Lødøen (13) og anna Strand Karlsen (18). Foto: Hanne Indrehus

Initiativtaker Elin Hestenes er veldig fornøgd med kvelden, og fortel at dei vurderer å ha fleire kurs på grunn av den voldsomme interessa.

Elin Hestenes i Bærekraftige Liv på Nordnes. Foto: Hanne Indrehus.

Elin Hestenes i Bærekraftige Liv på Nordnes. Foto: Hanne Indrehus.

På spørsmål om BIR burde hatt ei henteordning for restproduktet her i sentrum der dei fleste ikkje har hage, seier ho:
– Ja, gjerne det, på litt sikt. Men eg trur ikkje dette er eit stort problem, for har du slik god jord til overs, er det alltid nokon som vil ha! Spør naboen, eller legg ut på Facebook – så vil nok du bli av med det temmelig kjapt.
Og heilt til slutt: veit du kva som er det største produktet mennesket har skapt?? Det er nemleg ikkje ein pyramide eller ein skyskraper eller ein oljeplattform eller noko slikt. Nei det er faktisk bossfyllinga Fresh Kills Landfill på Staten Island i USA!
Her er jorda som blir resultatet og som du kan bruke til å plante med! Foto: Hanne Indrehus

Her er jorda som blir resultatet og som du kan bruke til å plante med! Foto: Hanne Indrehus

Her er de siste sakene

  • .
  • Siste punktum: Eva gir seg med nordnesrepublikken.no
  • Kjære venn av Nordnesrepublikken
  • La Nordnesparken vokse
  • Hullet er funnet!

Følg Nordnesrepublikken

Facebooktwitteryoutubeinstagram
Del denne artikkelen
Facebooktwitterlinkedintumblrmail

Filed Under: Hva skjer, Nyheter

Søk

Følg Nordnesrepublikken

Facebooktwitteryoutubeinstagram

Kontakt

Ansvarlig redaktør: Eva Johansen

Nordnesrepublikken følger god presseskikk og Vær varsom-plakaten.
Personvernerklæring

Sosiale medier

Facebook

Twitter

Instagram

Kategorier

Copyright © 2023 · Metro Pro Theme på Genesis Framework · WordPress · Log in