SERIE: Menneske på flukt. Arne Strand var i Kabul i november.
Arne Strand bur i Strangehagen og er assisterande direktør ved Chr. Michelsens Institutt. I denne serien belys han ei av verdas største utfordring: at me står overfor det største antall menneske som er på flukt sidan andre verdenskrig.
Det har vore mest merksemd om dei syriske asylsøkjarane som kjem til Noreg, men dei fleste unge som kjem er frå Afghanistan. Under ein tur til Kabul i november prøvde eg å finne ut kva som er årsak til at så mange no flyktar landet, og kva haldninga og høvet er til å ta imot dei som reise frivillig attende eller vert tvangsreturnert.
Årsaka til at mange reiser var ikkje så vanskeleg å finne. Etter at dei fleste internasjonale styrkane trakk seg ut av Afghanistan ved utgangen av 2014 er sikkerheita forverra. Ikkje berre har Taliban og andre grupper i opposisjon til regjeringa styrka seg i store deler av nord Afghanistan i 2015, dei klarte midlertidig å innta ein stor by og har stadig gjennomført angrep i andre byar og langs hovudvegane. Resultatet er at mange flyktar inn til byane, nokon for ei kort tid, andre meir permanent. Økonomien er også sterkt forverra dette året, og det er enklare å finne arbeid i byane. Det er fleire årsaker til den økonomsike nedturen, reduksjon i bistand er ein og det politiske kaoset rundt val av ny president ei anna. Det skapte også usikkerheit om framtida, og mange vurderte derfor å reise eller å sikre ungane si framtid ved å få dei til Europa. Når dei så ser at grensene opnast der og langt fleire ser ut til å sleppe inn, hive dei seg med, det er ein sjanse som kanskje ikkje kjem igjen. At det no er færre grenser å krysse og færre smuglarar å betale har ført til lågare priser, og fleire som har råd til å reise.
Mange har ikkje planar om kva land dei skal reise til og få forestillingar om kva som ventar dei i dette «Europa». Kva land dei hamnar opp i er ofte basert på kor lenge pengane deira rekk og kva råd dei får undervegs. Internett er ei god kjelde for informasjon, om alt frå telefonnummer til taxien på Lesvos, prisane på bussturen gjennom Hellas og kva som er asylreglar og praksis i dei forskjellige landa. For dei med slekt eller vener i Europa frå før er det meir målretta, og integreringa enklare.
Med så mange som kjem no, og prioritering av saksbehandling for dei som kanskje kan avvisast heller enn dei som truleg får bli i Noreg, kan opphaldet og ventetida verte lang – kanskje over eit år. Livet vert stilt på vent for dei som gjerne vil starte eit nytt og tryggare liv. Statistisk sett vil mange av dei mindreårige få opphald, men regelendring om midlertidig opphald i inntil 5 år kan medføre retur om sikkerheita vert betre i heimlandet.
Kor sikkert det treng å vere, og kvar asylsøkjarar kan returnerast til er sentrale spørsmål i Afghanistan. På tross av at norske diplomatar må ha væpna eskorte og skotsikre vestar for å forlate ambassaden, er vurderinga at det er trygt nok for afghanarar å returnere eller verte returnert til Kabul. Det gjeld også dei som kjem frå andre, og meir utrygge deler, av Afghanistan. Ein dom frå norsk Høgsterett slo nett fast at retur av barnefamilie til anna område enn dei kom frå er lovleg. Derfor er det grunn til å tru at så lenge det ikkje er langvarige krigshandlingar i Kabul eller statskupp vil afghanarar verte returnert.
Det er det forskjellig meiningar om i Afghanistan. Mellom vanlege afghanarar er det stor forståing for at unge folk reise. Med ei arbeidsløyse på over 30 % og 400 000 unge som kvart år skal inn på arbeidsmarknaden håpar dei det skal vere mogeleg å skaffe seg arbeid og inntekt, det har vorte stadig vanskelegare å gjere det i nabolanda Iran og Pakistan. Flyktning- og utanriksministrane vart kalla til det afghanske parlamentet for å informere om mogeleg massiv retur frå Europa. Dei vektla kor vanskeleg det var for den Afghanske staten å hjelpe dei som i tilfelle vart returnert, dei klarar ikkje å gje grunnleggande helse og utdanningstilbod til eiga befolkning. Flyktningministeren varsla vidare at han ville reforhandle dei eksisterande returavtalane, inkludert den med Noreg. Han var spesielt skeptisk til at born og sjuke vart returnert.
Den politiske leiinga med president Ghani i spissen uttrykke meir forståing for at afghanarar kan returnerast, dei er heilt avhengige av utanlandsk bistand for å drive den afghanske staten. Dei har rett og slett ikkje råd å leggje seg ut med viktige donorar, same om det aukar det politiske presset på heimebane.
I mellomtida har Noreg finansiert reklamekampanjar i afghanske aviser for å fortelje at det ikkje er verdt å ta turen til Noreg. Det var også meldinga norske statssekretærar gav afghanske media, bak dei høge murane og dei væpna vaktene på ambassaden i Kabul. Om det har noko effekt ser me truleg først over vinteren – når det igjen er reisetid.
Les også:
Opphald eller retur?
Kven er desse flyktningane?