Av Styrk Finnøy
Talsperson i Grøn Ungdom Hordaland
Regjeringa har valgt å utsette behandlinga av pelsdyrnæringa si framtid til 2016. Vanlegvis er tolmod ein dyd, men denne utsettinga gjer at tiltak som kraftig reduserer og forhåpentleg endar i avvikling av pelsdyrnæringa blir utsett med minst eitt år. Rundt 750 000 rev og mink drepast årleg for pelsen medan vi venter på å behandle framtida deira. Dette er heilt unødvendig dyreplageri om regjeringa faktisk ønsker å ta dyrevelferd på alvor.
Grøn Ungdom ønsker å avvikle heile pelsdyrnæringa, fordi det ikkje er mulig å sikre god dyrevelferd samstundes som ein tener pengar på pelsdyroppdrett, uansett kor optimalt bonden driver. For å holde rev i dyrepark er krava minst 1000 kvadratmeter pr familie, i ein pelsfarm får den mindre enn ein tusandedel av plassen. Det seier seg sjølv at dette ikkje er i nærleiken av god dyrevelferd, og vi anbefaler derfor å avvikle heile næringa og forby import av pelsprodukt. Om regjeringa vil ta dyrevelferd på alvor bør den gå inn for ei avvikling no, ikkje vente eitt år og over 750 000 døde rev og mink før dei i det hele tatt vurderer pelsdyrnæringa si framtid.
Laurdag 14. november arrangerar NOAH Fakkeltog mot Pels for tolvte gang, og her i Hordaland skjer dette i Bergen og Stord. For eit knapt år sidan ba eit fleirtal på Stortinget regjeringa om å «vurdere forbod mot norsk pelsdyroppdrett». Både Stortinget og regjeringa må difor i nær framtid ta stilling til ei endeleg avvikling av pelsdyrnæringa, og av den grunn er det viktigare enn nokon gang at våre folkevalde får kjenne det sterke engasjementet mot pelsdyroppdrett som finnast i befolkninga. Vi må vise at vi ikkje gir oss før pelsimport og pelsdyroppdrett er forbode. Vi må vise at vi ikkje gir oss før bura er tomme!