SERIE: Menneske på flukt.
Arne Strand bur i Strangehagen og er assisterande direktør ved Chr. Michelsens Institutt. I denne serien vil han belyse ei av verdas største utfordring: at me står overfor det største antall menneske som er på flukt sidan andre verdenskrig.
I takt med at talet på asylsøkjarar aukar, også av andre grupper enn syrarar, kjem det også krav om at dei må returnerast. Men kva reglar gjeld for opphald og retur, og kan dei berre returnerast?
Dei siste vekene har afghanarar tatt over frå syrarar som største gruppe av asylsøkjarar til Noreg, mange har kome inn via Murmansk til Finnmark. Norske myndigheiter opplyser at då desse afghanarane kjem frå eit land utafor Schengen-samarbeidet som Noreg er del av kan dei returnerast direkte til Kabul.
Schengen avtalen
Schengen-samarbeidet innebere at asylsøkjarar kan sendast attende til det landet dei først var registrert i. Tidelegare var dette ofte Italia og Hellas. Dette systemet fungerar ikkje lenger av di mange land, som Hellas, ikkje lenger registrerar flykningane som kjem til landet men heller hjelpe dei vidare utav eige land. Her kjem realpolitikk inn i bilete. Hellas har i friskt minne dei strenge krava dei vart påtvungne av den Europeiske Unionen (og Tyskland) for å løyse den finansielle krisa i sommar, og ser gjerne at det er EU som tek kostandane med flyktningane. Russland er under økonomiske sanksjonar frå EU, og Noreg, etter Ukraina-krisa, noko som påverkar viljen til å stogge flykningar på veg til Europa. I Tyrkia har dei langdryge forhandlingar om EU-medlemskap påverka viljen til samarbeid. Skal dei stogge flyktningar på veg til Europa forlangar dei at tyrkiske borgarar får reise utan søknad om visum innan Schengen området. Dette vert det forhandlingar på gang, inkludert bistand til dei om lag 2 millionane syriske flykningar som oppheld seg i Tyrkia.
Kvoteflyktning eller søkt asyl
Men, la oss ta eit steg tilbake før me går inn på det med retur. Det er to måtar å få opphald og eventuelt asyl i Noreg. Det eine er som kvoteflyktning gjennom FN, der det etter semje i Stortinget er lova at Noreg skal ta imot 8000 syriske flykningar. Det andre er ved å søkje om asyl medan dei er i Noreg. For å få det innvilga må det dokumentast at liv er i fare i landet det vart flykta frå. Det kan nemleg ikkje søkjast ved norske ambassadar eller utestasjonar, turen må takast til Noreg. Det medfører at mange legg ut på dyre og farefulle ferder. Grunnen til at mange no reiser via Russland, inkludert fleire familiar, kan vere at denne ruta vert sett på som tryggare enn ei båtreise over Middelhavet eller frå Tyrkia til ei Gresk øy. Det er også dokumentert at ein del av dei som kjem har opphelde seg i Russland ei tid eller som uregistrerte flyktningar i Europa, og no søkjer seg til land der dei vonar å få varig opphald og betre vern.
Skal Noreg overhalde sine internasjonale forpliktingar i forhold til flyktningkonvensjonen kan ein verken stenge grenser eller nekte dei som kjem å søkje asyl. Desse skal også ha rett til å anke avgjerda dersom dei får avslag på søknaden sin. Det store talet som kjem fører til vanskar med å skaffe plassar for opphald, og at det tek også lengre tid å vurdere dei enkelte sine søknader. At politikarar frå forskjellige parti forslår direkte utsending og det vert gitt informasjon på sosiale mediar om kor vanskeleg det er å få opphald synest å vere del av ein strategi om å redusere talet på dei som kjem til Noreg.
Tvungen eller assistert retur
Dei som ikkje får innvilga asyl i Noreg er forventa å returnere til landet dei oppgjer å vere borgarar av. Gjere dei ikkje det frivillig kan dei verte tvangsreturnert. Noreg har inngått returavtalar med enkelte land med eit stort tal flykningar i Noreg, som Afghanistan, Irak og Etiopia, og det vert arbeida med avtalar til land som Eritrea. Her er det mogeleg for borgarar frå desse landa å søkje Utlendingsdirektoratet (UDI) om assistert retur. Dei som returnerar her kan i tillegg til å få eit kontantbeløp ved heimkomst (som også tvangsreturnerte får), søkje om økonomisk støtte til etablering av enten ein forretning, korte yrkesretta kurs eller utplassering i arbeidslivet for 6 månader. I enkelte land vert dei i kortare periodar også gitt husleigestøtte for å lette heimkomsten. Ved tvungen retur vert dei returnere fulgt av norsk politi til heimlandet, ved assistert vert reisa organisert for dei men dei reiser på eiga hand. Mange synest det er ein verdigare retur, dei er ikkje kriminelle som må vaktast av politi.
Trygg retur?
Dei fleste som søkjer om asyl i Noreg hevdar at liva deira er i fare i landet dei flykta frå, og at det er forbunde med fare om dei vert returnert. I mange tilfelle vil ikkje UDI, eller Utlendingsnemda (UNE) om klagen på avslag av asyl kjem til dei, ha tillit til den forklaringa. Deira vurdering er ofte at det er økonomiske årsaker og von om ein betre framtid som føre asylsøkjarar til Noreg.
Det er også kjerna i den politiske debatten som no pågår i Noreg, inkludert kva virkemiddel som kan nyttast for å redusere talet som kjem. I tillegg er det ein del som prinsipielt er imot å ta imot asylsøkjarar og ønskjer at Noreg ikkje skal stå ved internasjonale forpliktingar, men desse er så langt i mindretal.
Men så kjem det vanskelege spørsmålet: same om ikkje alle treng beskyttelse i Noreg, er det trygt å returnere dei til land som Syria, Irak og Afghanistan der tryggleiken er forverra dei siste åra? Eller forsvarleg å returnere til Eritrea der grove menneskerettsbrot er dokumentert og mange vert tvangsrekruttert (på livstid) til hæren?
For Afghanistan vert alle returnert til Kabul, same om dei kjem frå andre deler av landet. Men sikkerheita er over det siste åra forverra både i Kabul og område tidlegare vurdert som trygge. Utanriksdepartementet sitt reiseråd for Afghanistan har sidan 2013 vore å råde norske imot «… reise til eller opphold i Afghanistan som ikkje er strengt nødvendig.» Den forverra tryggleiken har mellom anna ført til at ambassaden har redusert talet på utsendte, og der er strenge tryggingstiltak når dei skal reise innan Kabul.
Kvifor så mange Afghanarar kjem til Noreg no og om det er tilrådeleg å returnere dei med avslag på asylsøknad vil eg kome tilbake til frå Kabul om ei vekes tid – gitt at det er trygt nok å reise ut der…