Nordnesrepublikken

Byens beste nettavis for oss på Nordnes

  • Hjem
  • Nyheter
  • Næringsliv
  • Historie
  • Debatt

Kven er desse flyktningane?

17. september 2015 av Leserne har ordet

Del denne artikkelen
Facebooktwitterlinkedintumblrmail
Frå venstre: Faiz (13), Nour Aldin (9), Hind (10), Abderrahmane (19) og Shahid (9) er kome fram til Austerrike etter 25 dagars ferd. Dei flykta med familien sin frå Damaskus i Syria. Foto: UNHCR/ M. Schöppl

Frå venstre: Faiz (13), Nour Aldin (9), Hind (10), Abderrahmane (19) og Shahid (9) er kome fram til Austerrike etter 25 dagars ferd. Dei flykta med familien sin frå Damaskus i Syria. Foto: UNHCR/ M. Schöppl

NY SERIE: Menneske på flukt

Arne_Strand_CMI_portrettArne Strand bur i Strangehagen og er assisterande direktør ved Chr. Michelsens Institutt. I ein serie vil han belyse ei av verdas største utfordring: at me står overfor det største antall menneske som er på flukt sidan andre verdenskrig. Nokre av desse vil kome til Noreg og til Nordnes, her er første del der ein ser på kvar dei fleste flyktningane til Europa kjem frå og kvifor dei flyktar.

 

Kvoteflyktning, flyktning eller migrant

Noreg har vedteke å ta imot 8000 Syriske kvoteflyktningar som vert organisert via FN sin flyktning- organisasjon UNHCR. I tillegg søkjer eit stadig aukande tal av flyktningar til Europa og Noreg for å søkje asyl. Me såg dei først krysse Middelhavet i skrøpelege båtar til Italia, Spania og Hellas frå land som Marokko og Libya. No reiser dei fleste via Tyrkia og har då ein kortare tur ut til dei Greske øyene. Her nyttar dei ofte små gummibåtar men faren for å drukne på vegen kan vere like stor. Nokon vel også det som er omtala som Balkan ruta, og nokre få den lange vegen via Russland til nord Noreg.

Men  kven er det som kjem, flyktar dei frå konflikt og humanitære kriser eller søkjer dei berre eit betre liv? Statistikken er klar. FN konkluderar med at 75 prosent av flyktningane til Europa kjem frå krigsherja eller sterkt undertrykkjande land der liv og rett til ytring kan vere i fare.  Då har dei ifølge FN sin flyktning konvensjon rett til å søkje asyl.

Syria

Den største gruppa som kjem til Europa no er frå Syria (53 prosent), der over halve befolkninga på 22 millionar er internflyktningar eller har flykta  naboland eller i Europa. Årsak er krigen mellom regjeringa til President Assad (støtta av Russland og Iran), den vestlege og USA støtta (men splitta) motstandsrørsla og den Islamske Staten (IS) som alle er i konflikt med. Same om der er forsøk på samtalar mellom partane er der lite som tyder på ei snarleg fredsløysing. Den intense krigføringa gjere det svært vanskeleg å gje humanitær støtte inne i Syria, mesteparten går derfor til nabolanda. Tyrkia husar 1, 9 millionar, fattige og krigsutarma Libanon 1,1 million og Jordan har tatt imot 0,6 millionar. I alle desse landa slit hjelpeorganisasjonane med å gje naudsynt støtte. Til samanlikning har det registrert 0, 35 millionar Syriske flyktningar til Europa frå 2011 til juni i år. Talet som kjem til Noreg har auka jamt, i veke 37 kom 420.

Afghanistan

Den nest største gruppa er afghanarar (om lag 12 prosent) som over mange år har vore ei av dei største flyktninggruppene til Europa og Noreg. Det kjem spesielt mange unge frå Afghanistan, dei fleste landevegen via Iran og Tyrkia og så vidare til Hellas eller Balkan til Europa. Landet opplever auka krigføring etter at dei internasjonale styrkane trakk dei fleste styrkane ut frå 2014 og Taliban , økonomien er sterkt forverra og ei samlingsregjering har ikkje makta å einast og få folk sin tillit. Forhandlingar mellom den Afghanske regjeringa og Taliban har så langt ikkje gitt resultat, tvertom har det vore auke i angrep og sjølvmords-bombingar og dermed også sterk auke i sivile tap. Etter samanhengande krig sidan 1979 invisterar derfor mange foreldre i å sende borna sine ut av landet, i håp om at dei der skal få ei trygg framtid. Til juni i år var det kome 964 afghanske asylsøkjarar til Noreg, av dei var sju av ti under 18 år.

Eritrea

Den tredje største gruppa på om lag 8 prosent er eritrearar. Her er det ikkje direkte krigmen regjeringa si tvangsrekruttering til hæren, ofte til livslangt tvangsarbeid, og vilkårleg fengsling som driv mange unge på flukt. Dei fleste som flyktar frå Eritrea søkje til nabolanda Sudan og Etiopia, fleire hundretusen oppheld seg der. Men det siste året har det vore ei tre-dobling av dei som reiser vidare til Europa – tal for 2014 var 34 000. Av dei var 90 prosent mellom 18 og 24 år. Det har i snitt pr veke kome cirka 100 til Noreg  over den siste månaden.

Langvarig utfordring

Realiteten er at så lenge konfliktane i Syria og Afghanistan ikkje får ei forhandla løysing og regjeringa i Eritrea ikkje endrar kurs vil mange flykte frå desse landa, og spesielt ungdom. Me ser toppen av dette isfjellet i Europa og i Noreg, det er fattige og ofte konfliktramma land i nærområda som får det største talet av flyktningane – men som har få ressursar til å ta dette ansvaret. Spesielt for dei mest sårbare av flyktningane.

Kva som skjer i dei landa skal me kome attende til og også anna form for innvandring til Noreg.

flykninger_til_europa

Dette viser eit oversyn over flykningar og immigrantar som kjem sjøvegen til Europa (per august 2015). Siste oppdaterte tal viser 53% frå Syria. Graf: UNHCR

flykninger_tilhvor

Her ser vi kvar dei kjem frå, og kva for land som mottek flest. Kart: UNHCR

 

 

Her er de siste sakene

  • .
  • Siste punktum: Eva gir seg med nordnesrepublikken.no
  • Kjære venn av Nordnesrepublikken
  • La Nordnesparken vokse
  • Hullet er funnet!

Følg Nordnesrepublikken

Facebooktwitteryoutubeinstagram
Del denne artikkelen
Facebooktwitterlinkedintumblrmail

Filed Under: Folk, Nyheter

Søk

Følg Nordnesrepublikken

Facebooktwitteryoutubeinstagram

Kontakt

Ansvarlig redaktør: Eva Johansen

Nordnesrepublikken følger god presseskikk og Vær varsom-plakaten.
Personvernerklæring

Sosiale medier

Facebook

Twitter

Instagram

Kategorier

Copyright © 2023 · Metro Pro Theme på Genesis Framework · WordPress · Log in