Nordnesrepublikken

Byens beste nettavis for oss på Nordnes

  • Hjem
  • Nyheter
  • Næringsliv
  • Historie
  • Debatt
  • Annonsering
  • Kontakt

Sprøyterom er ikkje løysinga

21. august 2015 av Leserne har ordet Leave a Comment

Del denne artikkelen
Facebooktwitterlinkedintumblrmail
Geir Indrefjord og Ove Sverre Bjørdal vil ikkje ha sprøyterom. Foto: Wikipedia/pressefoto.

Geir Indrefjord og Ove Sverre Bjørdal vil ikkje ha sprøyterom. Foto: Wikipedia/pressefoto.

Er ikkje hjelp eller behandling, meiner Senterpartiet.

Av Geir Indrefjord og Ove Sverre Bjørdal, Bergen Senterparti

Dei grøne, SV og Venstre i Bergen går langt i å saleggjere sprøyterom som løysinga for byens rusmisbrukarar. AP og Høgre er også for sprøyterom. Vi er usamde. Sprøyterom er gårsdagens løysing – og jamvel då gav ho dårlege resultat. I Oslo føregår no berre to prosent av narkotikainjeksjonane i sprøyterom, jamvel om det er tilgjengeleg sentralt i byen. I utlandet legg ein ned sprøyterom av di dei narkomane ikkje bruker dei. Det er også eit problem at tradisjonelle sprøyterom legg opp til at heroinavhengige framleis skal injisere stoffet – i staden for å røyke det, som er ein mykje tryggare administrasjonsform med mellom anna betydeleg lågare risiko for overdoser.

Først og fremst har vi likevel ei prinsipiell innvending mot sprøyterom. Sprøyterom er ikkje hjelp eller behandling, sprøyterom er å gje opp dei narkomane og gøyme dei bort. I staden for å bruke tid og ressursar på eit feilslått prosjekt som vil halde dei narkomane lenger i misbruket, meiner vi det bør satsast kraftig på å betre behandlingstilbodet – særleg for yngre misbrukarar. Målet må vere at det skal vere tilgjengeleg behandlingsplass for alle innan eit par veker – ikkje etter fleire år, som ofte er tilfellet i dag. Behandlingsopplegget må også i større grad leggje opp til å sjå heile mennesket. Narkomane er ikkje berre narkomane – dei har draumar og bebov for meining nett som deg og meg. Mange treng eit nytt sosialt nettverk og kan hende ny bustad. Nokon treng hjelp frå psykolog eller frå psykiatrien. Alle treng arbeid. Arbeid gjev meining med tilvera, og arbeid gjev ein struktur på dagen som kan hende særleg rusmisbrukarar og tidlegare rusmisbrukarar treng. Arbeid gjev òg sjølvverd og bidreg til inkludering i storsamfunnet. Då er det viktig at ein legg opp til eit behandlingstilbod der alle desse tinga er med. Ein kan ikkje halde fram som i dag, der mange vert sende rett på gata etter at dei verste abstinensane har gjeve seg.

Vi vil at veljarane skal merke seg at det finst to typar miljøparti i Bergen. Det finst dei som går inn for lettvinne «løysingar» som sprøyterom. Og så finst Senterpartiet. Vi vil leggje til rette for at folk skal kunne skape seg eit godt liv – ikkje gjere det enklare for folk å halde fram med eit skadeleg misbruk.

Her er de siste sakene

  • Havforskningen skal flytte
  • Koronareglene som gjelder fra mandag 22. februar
  • Varme i vinterkald park
  • Vaksineringen i Sentralbadet startet tirsdag
  • – Følte meg mer som askepott

Følg Nordnesrepublikken

Facebooktwitteryoutubeinstagram

Del denne artikkelen
Facebooktwitterlinkedintumblrmail

Filed Under: Debatt

Legg igjen en kommentar Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

ANNONSE


Oppdatert 9. januar 2021

Søk

Oppdatert 21. februar:
Gjeldende koronaregler finner du her

Mest lest siste måned

Måtte stenge Løvetann kaffebar
Fiskedronningen har slått av komfyren for siste gang
Gravearbeidet flytter innover i Haugeveien
Sjøbadet – et rush av endorfiner
Nytt privat helsetilbud i Gågaten

Følg Nordnesrepublikken

Facebooktwitteryoutubeinstagram

FINN DIN HISTORIE

P1020858 De er borte nå, men hvem var de og hva drev de med? Nordnesrepublikken kan hjelpe deg med å lete etter dine slektninger.

Kontakt

Tips oss: tips@nordnesrepublikken.no
Telefon (etter klokken 1600 og hele onsdag) og SMS/MMS: 91391147

Ansvarlig redaktør: Eva S. Johansen
eva.johansen@nordnesrepublikken.no

Nordnesrepublikken følger god presseskikk og Vær varsom-plakaten.
Personvernerklæring

Følg oss

Facebook

Twitter

Instagram

Kategorier

Copyright © 2021 · Metro Pro Theme på Genesis Framework · WordPress · Log in