Dersom du har bøker, blader og tidsskrift
du vil kvitte deg med, så kan du levere dei til Bokfjøsen!

 

Bokfjøsen er eit superpopulært tiltak i regi av ei eldsjel med med hjarte for bøker, der ein gammal fjøs er teke i bruk som bokhandel/bibliotek. 

Hovden er ei øy som ligg nordvest av Florø i Sogn og Fjordane, og har eit aktivt grendalag og ikkje minst eldsjela Sisca Broeils som har bygd opp ein skikkeleg attraksjon!

Tanken er at folk som bur på Hovden kan bruke Bokfjøsen som eit bibliotek – medan andre kan handle bøker der for ein rimeleg penge.

Det viser seg at dette er blitt  eit godt besøkt tiltak, sidan Bokfjøsen er strategisk plassert rett ved Nordsjø-løypa, der du kan velge fjelltur eller tur til Kvanhovden fyr, faktisk kan du også sykle frå rutebåt-stoppet i Barekstad til Bokfjøsen som ligg nord på Hovden.

 

 

Bokfjøsen baserer seg på å samle inn bøker og blader som folk ynskjer å kvitte seg med. Dei tek i mot alt : barnebøker, kokebøker, handarbeidsblader, norske bøker, engelske bøker osv.  Faktisk også nederlandske bøker, er verdt å nemne spesielt – sidan det bur ein del nederlendere på øya.

 

Så har du planer om å rydde i bokhylla, kan du gje bøkene dine eit nytt liv i Bokfjøsen – der dei kan glede nye eigarar. Bøker kan leverast i Haugeveien her på Nordnes for videre leveranse til Bokfjøsen,

 

SLIK GJER DU DET:

Send ein epost til boker@nordnesrepublikken.no, så videreformider avisen kontakt. Du får så tilbakemelding om tidspunkter det kan passe at du leverer bøker.

 

LINKER

 

NRK skrev om Bokfjøsen i sommer

 

Facbook-siden til Bokfjøsen