Del denne artikkelen
For ei trygg og fin russetid.
Me bringar vidare råda frå politiet for russefeiringa:
Politiet har eit godt samarbeid med russen og har hatt det i fleire år. Dei alle fleste har ein kjekk russetid, men for enkelte kan det gå galt. Politiet ønskjer å være i forkant og gjør det vi kan for å førebyggje uheldige eller straffbare hendingar. Dei viktigaste førebyggarane er likevel russen sjølv og deira foreldre.
Årets russ verker som reflektert og fin ungdom. Samstundes ønskjer politiet å koma med nokre råd før årets feiring. Vi vil at alle skal få ein trygg og god russetid.
Politiet følgjer særskilt med på:
- Sal av narkotika til russen.
- Såkalla «rulling» kor mindreårige jenter er med på fest i russebussane.
- Ordensforstyrringar og valdsbruk knyt til feiring.
- Rekruttering av ungdom som introduserast og prøver narkotika for første gang.
- Trafikkulykker.
- Seksuelle overgrep og valdtekter.
Råd til russen:
- Ta eit tydeleg standpunkt mot narkotika før russetida. Ta kontakt med politiet dersom du treng råd eller hjelp. Dei aller fleste skolane og russebussane har ein eigen politikontakt.
- Ikkje bli overstadig rusa. Det set deg i ein sårbar posisjon kor du kan bli utnytta seksuelt eller på anna måte. For å unngå det, ikkje bruk narkotika og ikkje drikk sprit.
- Pass på kva du deler på sosiale media. Deling av andre personar krev samtykke. Det kan vere straffbart å dele krenkande bilete.
- Ikkje ta med 1. og 2. klassingar på russebussane. I Bergen har politiet og russen ein eigen avtale om at berre ungdommar over 18 år skal rulle.
- Russebilar/bussar: Følg trafikkreglane. Husk at sjåførane har eit sjølvstendig ansvar for tryggleiken. Politiet kontrollerer biler og busser ved uro eller klagar.
Råd til foreldre:
- Sjølv om barnet ditt er myndig, er det framleis viktig at du er der for dei.
- Vêr tilgjengeleg på telefon heile døgnet.
- Vêr klar til å hente ungdommen dersom dei ber om det. Engasjer deg i det russen din gjer.
- Be om hjelp frå til politiet dersom du er uroa.
- Vêr tydeleg på kor grensene går.
- Foreldre til 1. og 2. klassingar; ver merksam på at dei kan ønskje å vere med russen for å rulle. Sett tydelege grenser.
Del denne artikkelen