Supergod stemning på Klosterplassen.
Tekst og foto: Hanne Indrehus
Torsdag denne veka blei det arrangert byttemarknad på Klosterplassen. Arrangør var vi som stod bak initiativet bilfri Klosterplass og Bærekraftige Liv på Nordnes.
Mange lurte på ka byttefest/ byttemarked egentlig er. Det er Framtiden i våre hender sin konstruksjon: ta med og lever inn det det du ikkje vil ha. Mesteparten får 5 «takk», veldig fine ting får 10 takk og mindre greier får 1 takk. Så får du ein lapp med summen av det du har levert inn. Ting blir plassert i 1, 5 og 10 takks-stativer. Så kan du gå rundt og sjå og for eksemplel ein halv time etter start begynner bytting. Då plukker du ting i forhold til kor mange «takk» du har fått ved innlevering. Ein halv time før slutt blir det opna for salg på det som ikkje alt er bytta, til inntekt for Klosterplassen. Det vil seie at også folk som ikkje har levert inn bytteting kan kjøpe. Dei som har levert inn ting kan då velge å ta dei tilbake dersom dei ikkje ynskjer at dei skal bli solgt. Det som måtte bli att heilt til slutt, går til Freetex.