Av Arne Strand, assisterande direktør CMI.
Eit lite steinkast unna Nordnesrepublikken ligg Chr. Michelsen Institutt (CMI) i Jekteviken. Noregs eldste uavhengig institutt forskar på utviklings- og menneskerettsspørsmål – i utviklingsland har nokon av Noregs fremste forskarar på konfliktland som Syria, Afghanistan og Sudan, men også ekspertise på ei rekke land i Afrika, Latin Amerika og Asia og mange utviklingstematikkar. U4 senteret, som er Noregs, og nok også Europas fremste fagmiljø på anti-korrupsjon ligg ved CMI. Mange i CMI-staben bur på Nordnes, og det skjer mykje på CMI som kan vere av interesse for Nordnesbuarar – og Bergensarar.
Det hjelpe ikkje kor mykje ein forskar om ikkje kunnskapen vert formidla til dei som kan gjere seg nytte av den. Tradisjonelt har denne kunnskapen vorte presentert i akademiske artiklar og bøker. Men verda endrar seg og krev at forskarar finn nye måtar å nå ut med sin kunnskap og skape og ta del i samfunnsdebatter. Når målet er at forsking og kunnskap skal påverke og endre utviklingspolitikk og praksis må den nå breitt ut, vere truverdig og kunne skape debatt.
Det prøver CMI også å få til i Bergen. Samen med Universitetet driv CMI «Bergen Ressurssenter for Internasjonal Utvikling». I tillegg til å ha Noregs beste bibliotek på utviklingsspørsmål også har ei rekke møteaktivitetar på dagsaktuelle tema som er ope for publikum. Oversikt over tilstelningar er lagt ut her. Mange av møta er på engelsk, men nokon er også på norsk.
Eit område CMI har starta forsking på er vanskane konfliktar skape for at jenter og gutar skal få utdanning. Det er i dag 58 millionar born som ikkje får grunnutdanning, halvparten av desse bur i eller er flyktningar frå land i konflikt. Veldig mange av desse er jenter og born med utviklingshemming. Når store ungdomsgrupper manglar utdanning skaper det nye utfordringar for land som skal byggjast oppatt etter konflikt og skape ei meir fredeleg framtid.
Ofte er det ikkje berre konflikten som hindrar skulegang. Nokre familiane må prioritera at borna arbeider for å overleve, det kan vere haldningar i samfunnet mot at for eksempel jenter treng utdanning og det kan vere ønskje om å ikkje sende borna ut på farlege skulevegar. Statsapparatet er ofte svakt i slike land og då slit dei også med å få til eit fungerande skulesystem. Born og unge som har vore gjennom konflikt slit ofte med læringa, dei trengt meir struktur og tryggleik for å kunne ta til seg kunnskap.
Samstundes er det viktig å lære av dei erfaringane som vert gjort i slike konfliktland. Ofte er der enkeltpersonar og organisasjonar som finn måtar å organisere utdanning, dei klarar å overtale foreldre til å sende både jenter og gutar på skule – og skape eit trygt læringsmiljø i konfliktområda. Ehsanullah Ehsan har klart det i den konfliktfylde Kandahar-provinsen i Afghanistan der han driv Kandahar Institute of Modern Studues som gjer utdanning til jenter, inkludert i yrkesretta fag.
Han kjem til Bergen måndag 23 mars, når CMI saman med Afghanistan-komiteen og Institutt for Fredsforsking (PRIO) organiserar eit frukostmøte om utdanning i Afghanistan. Møte startar 8.30 og det vert servert kaffi, te og noko å bita i. Meir detaljer om Afghanistan-veka som møte er del av å finne her.
Me finn nok ikkje alle svara på korleis me kan sikre fleire born utdanning, det er eit lengre forskingsløp og kan vere forskjellig frå land til land, men me er i gang.